Det har vrimla av solglade bergensarar i bygatene dei siste dagane. På kvart eit hushjørne, og hustak, har folk sete lett døsande — med ønske om å slikka mest mogleg sol etter ein lang og grå vinter. Og me har meir solslikking i vente.

Ifølgje meteorolog John Ottar Bjørsvik ved Meteorologisk institutt får Vestlandet sol fram til tysdag, kanskje onsdag, neste veke.

— Det ser svært bra ut til godt over helga. Me kan ikkje garantera at alle dagar blir like fine, men utsiktene er gode. Tysdag eller onsdag aukar sjansen for nedbør og vind. Men det er såpass langt fram i tid, at me ikkje kan seia noko sikkert, seier Bjørsvik.