— Dette er heilt fortvilande. Eg skjønar ikkje at folk i god jobb skal ha lov til å øydelegga livet for andre, seier Åshild Steine til Bergens Tidende.

Kurant

Åshild Steine (25) er busett i Negril på Jamaica, og ville ha med seg kjærasten ein tur heim til foreldra i Norheimsund. Til det treng han eit turistvisum. Ei kurant sak med ti dagars sakshandsamingstid.

— Vi fekk beskjed om å møta personleg på eit Schengen-kontor i Kingston. Då vi kom fram, etter 7-8 timars busstur, var kontoret stengt - på ubestemt tid, fortel Åshild.

Sidan har alt vore eit evig rot. Det har kosta henne ei formue i telefonsamtalar og porto.

Personleg frammøte

I Utanriksdepartementet får Bergens Tidende stadfest at Noreg, til liks med andre Schengen-land, hadde ein avtale med den nederlandske ambassaden i Kingston på Jamaica om visumsøknader. Men denne avtalen gjeld ikkje for tida.

— Kva tid opnar dei opp att?

— Det må du spørja nederlendarane om, kjem det skarpt frå vakthavande i konsulatavdelinga.

— Kvar skal folk på Jamaica levera visumsøknad til Noreg no?

— Nærast er vel ambassaden på Cuba, men det er kanskje greiast i generalkonsulatet i Huston, Texas, som er administrativt overordna dei andre i dette området.

— Og kravet er personleg frammøte?

— Ja.

Cuba, Haiti eller Huston

Bomturen til Kingston vart første brutale møtet med norsk utanriksteneste. Det skulle bli fleire.

— Vi ringde både til Huston og til UDI i Oslo. I Huston var det ikkje vetig svar å få. UDI i Oslo rådde meg til å reisa heim åleine, ta med søknaden og få han handsama i Noreg. Når visum var innvilga, ville dei senda papira til Cuba, der Phillip kunne få dei ved personleg frammøte.

Vel heime prøvde Åshild å levera papira inn på politikammeret i Bergen, men vart avvist.

I Oslo hadde UDI skifta meining, og UD sa at visumsøknaden måtte leverast på Cuba eller Haiti. Åshild ringde sin første av mange telefonar frå Norheimsund til Cuba.

— Kontordama var bestemt på at slikt hadde Cuba-ambassaden ikkje noko med. Ho ville ikkje ein gong setja over telefonen.

Meir papir

Ein klage til UD førte fram. Ambassaden i Cuba vart pålagt å ta denne saka. På andre forsøk kom papira fram. Men då Åshild var på tråden same dag, hadde dei sendt papirhaugen vidare til Huston.

Dermed vart Texas målet for dyre telefonsamtalar frå Norheimsund.

I Huston forlangte dei fleire papir. Så snart alle papir var i orden, sende Huston heile saka til Oslo. Der har dei ikkje funne henne. Men sist tysdag kunne dei fortelja at ho var registrert innkomen i arkivet.

Før eller seinare vil Phillip få sitt visum innvilga i Oslo. Men kor lang tid det går før han kan visast fram for vordande svigerforeldre i Norheimsund, er uvisst. I verste fall må han bli verande heime.

VENTAR: Åshild Steine frå Norheimsund har venta i månadsvis på kjærasten frå Jamaica, medan visumpapira er på evig runddans.<br/>Foto: ARNE HOFSETH