Rapporten frå Sjøfartsdirektoratet går langt i å slå fast at det var feil lasting og brot på regelverket som gjorde at båten gjekk så fort rundt. Forsikringsselskapa har etter det BT kjenner til gjort eigne undersøkingar som peikar i same retning.

Når i tillegg rekonstruksjonen av turen gjennom Vatlestraumen viser at båten ikkje segla heilt etter boka, vil det truleg bli tungt å påvise at det var dårlege sjøkart eller mangelfull oppmerking frå staten si side som må ta største skulda for ulykka.

I ei rettssak mot staten må forsikringsselskapa dokumentere ein direkte årsakssamanheng mellom havariet og statleg svikt. Gard og Norwegian Hull Club har ennå ikkje bestemt seg for kva dei vil gjere, men skal vurdere utsiktene til å vinne fram som mindre gode.

Eit regresskrav mot reiarlaget Jebsen er i praksis utelukka, først og fremst fordi reiaren er forsikra også mot feil gjort av mannskapet om bord.