— Me har så mykje pengar at me må berre finna andre måtar å bruka dei på som kjem parteigarane til gode i tillegg til kjøpsutbyte, seier Per Ove Kviteberg, styreleiar i Fjelberg Kraftlag.

Fjelberg Kraftlag har dei seinare år gitt store kjøpsutbyte til totalkundane sine i form av rabatt på straumrekninga. Kviteberg fryktar at ein slik praksis over tid kan gje skattesmell fordi det er i strid med prinsippa for samvirkeforetak.

- Heilt uproblematisk

I kveld samlast parteigarane i samfunnshuset på Halsnøy til den siste og endelege voteringa. Skal dei seie ja eller nei til sikrare vegar på Halsnøy før riksvegtrafikken dundrar over øya, når Halsnøysambandet opnar i 2008?

Bakgrunn for striden er lånet på 30 millionar kroner som Kvinnherad kommune skal ta opp for å forskottera vegutbetringa. Kommunen vil ha Fjelberg Kraftlag med på eit spleiselag, der kraftlaget betaler renta på halvparten av lånet, inntil det kjem løyvingar frå staten.

— For Fjelberg Kraftlag er det snakk om å betala 6,6 millionar kroner over ein 10-års periode. Til samanlikning vil me få minst 50 millionar kroner i utbyte frå aksjeposten vår i Sunnhordland Kraftlag. Dette må vera heilt uproblematisk utifrå eit økonomisk synspunkt, seier Kviteberg.

- Vil ikkje avstå grunn

På det første parteigarmøtet i midten av oktober røysta over to tredjedelar for å nytta kraftlagsmidlar til vegutbetring. Styreleiar Kviteberg er ikkje sikker på om det blir utfallet i kveld.

Advokat Morten Harsvik er ein av dei som stemte i mot i førre runde. Han meiner kraftlaget, i følgje eigne vedtekter, skal levera straum og byggja anlegg for elektrisk kraft, ikkje vegar.

— Eg meiner me må endra vedtektene først, så kan me nytta midlane til gode formål, seier Harsvik. Han trur det blir fleirtal for vegforskottering, men at fleirtalet ikkje blir dei naudsynte to tredjedelane.

— Hovudmotstanden ligg på Halsnøy. Eg trur mange vil stemma i mot fordi dei ikkje vil avstå grunn langs vegen.