Årsaka til samanstøyten i 80-sona sør for Uføretunnelen ved Jektevik i 9.30-tida laurdag er ikkje klarlagt. Det er uvisst om haglbyga i forkant av ulukka førte til spesielt glatt vegbane på staden.

Tekniske undersøkingar av dei tre involverte køyretøya vil bli gjort måndag. Det er ikkje registrert dårlege dekk på bilane, ifølgje operasjonsleiar Agnar Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Politiet er særleg interessert i kontakt med folk i bilane som kom med Austevoll-ferja til Sandvikvåg klokka 9. To av bilane i denne køen var involvert i samanstøyten med den møtande Stord-bilen som den omkomne var førar av.

To tenåringsjenter som var passasjerar i sistnemnde bil ligg på Haukeland universitetssjukehus si intensivavdeling. Tilstanden for begge er sundag føremiddag framleis alvorleg, men stabil, opplyser pressekontakt Ragnhild Dårflot Olsen i Helse Bergen.

Tilstanden for ei seks år gammal jente som sat i ein av dei andre bilane er sundag alvorleg, men stabil. Også ho er innlagt på Haukeland universitetssjukehus.

OVE A. OLDERKJÆR