Nordfjordingen blei meld sakna av ein kamerat i går ettermiddag. Rygg blei sist sett dagen før nyttårskvelden.

58-åringen bur åleine i eit hus på Rygg. I går kveld blei det gjennomført søk i nærområdet, og denne leitinga held også fram i dag.

— Det er ikkje funne spor i snøen utanfor huset. Det ser altså ikkje ut til at nokon har vore der dei siste dagane, opplyser lensmann Knut Skurtveit til bt.no.

Når leitinga no blir konsentrert om den islagde fjorden, er grunnen at 58-åringen er ein ivrig isfiskar. Han skal også ha vore sett med isfiskeutstyr på fjorden tidlegare i romjula.

— Det er nokre opne råker i fjorden. Det er i første omgang desse vi no vil undersøkje, opplyser lensmannen.

Lensmannen legg ikkje skjul på at dei fryktar den sakna kan ha gått gjennom isen. Så langt er det ikkje funne konkrete spor etter mannen.