— Vi har ingen haldepunkt for å søke i elva eller rundt drapsstaden etter våpen eller andre gjenstandar, seier lensmann Kjell Fonn i Førde.

Dette betyr eitt av to: Anten har politiet funne eit drapsvåpen på funnstaden, eller så er det ikkje brukt våpen mot den 23 år gamle sjukepelarstudenten.

Fonn opplyser at etterforskinga blir trappa ytterlegare opp i løpet av tirsdagen, med blant anna forsterkningar på totalt 16 politibetjentar frå omkringliggande lensmannsdistrikt. Dette kjem i tillegg til Fonns eigen styrke på omlag ti betjentar og fem Kripos-etterforkarar.

Ein mann på sykkel som politiet etterlyste tirsdag morgon meldte seg kort tid seinare. I tillegg er to bilar etterlyst. Det er snakk om to personbilar, den eine ein plommerød Volvo V70, sett på veg aust-over Angedalsvegen i retning sjukehuset.

— Og vi får stadig inn nye tips, utan at vi har fått sortert og gått gjennom dei enno, seier lensmannen.

Ifølgje Fonn vil den foreløpige obduksjonsrapporten først vere klar torsdag.

DREPT: Anne Slåtten.
POLITIET