Det var sonen som melde faren sakna seint sundag ettermiddag då mannen ikkje var komen til rette. 70 år gamle Helge Hantho blei sist observert ved utestaden Kontoret ved Leirvik ferjekai mellom klokka 1 og 2 natt til laurdag.

Lensmann Reidar Færestrand i Stord seier at saka blir etterforska parallelt med søket etter den sakna 70-åringen.