Advokat Louis Anda karakteriserer gårsdagens oppslag i Bergens Tidende, der Utlendingsnemnda opnar for at den 28 år gamle iranske kvinna kan få opphald dersom ho kan få gifte seg, som «svært interessant».

— Eg må no tydelegvis svinge meg rundt og gjere det eg kan for å få dei to gifte, seier Anda.

Det vil også fylkesvaraordførar og fylkesleiar for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Tor Bremer, ta del i. Han har engasjert seg personleg i saka til Masoumeh.

Nemndleiar Bjørn Vagle i Utlendingsnemnda sa i gårsdagens BT at eit giftarmål kan påverke utfallet av Masoumehs søknad om asyl. Problemet er at utan opphaldsløyve, har ikkje kvinna rett til å inngå ekteskap. Vagle viste likevel til at det finst døme på at enkelte sorenskrivarembete har vurdert slike tilfelle annleis.

Tor Bremer seier den siste utviklinga gjer at saka tek til å minne om ei parodi. Sjølv om departementet klart seier Masoumeh ikkje har lov til å inngå ekteskap, kan det likevel få positiv betydning for utfallet dersom ho greier å få det til.

Den iranske tobarnsmora drog frå Iran til Danmark i 1999 saman med dei to døtrene sine. Tre år etterpå avslo danske styremakter asylsøknaden, og Masoumeh reiste då vidare til Norge. Den siste tida har ho budd i Sogn, og er no sambuar med den danske statsborgaren Sardang Mardani. I januar fekk ho avslag på asylsøknaden i Norge.

Dersom Masoumeh blir send tilbake til Iran, fryktar ho at borna blir tatt frå ho og at ho sjølv blir stilt for retten for å ha vore utru mot sin fråskilde ektemann. I følgje Sharia-lovene risikerer ho då at dommen blir steining.

EKTESKAP LØYSINGA: Sjølv om ho ikkje har lov til å gifte seg, kan ekteskap vere løysinga for Masoumeh Bakhtiari.<p/>FOTO: TERJE ULVEDAL