Politiet beslagla i går datautstyr både heime hos mannen og på arbeidsplassen hans.

Pågripen i går

Sogningen, som er i 60-åra, vart pågripen i ein større aksjon mot barnepornografi i går. Politi i fleire land samarbeidde om razziane.

I tillegg til fleire land i Europa, slo politiet også til mot mistenkte i Australia, USA og Canada.

Bakgrunnen for opprullinga er at det i mars blei oppdaga ei stor kjelde for spreiinga av barneporno i den tyske byen Koblenz. Sidan den tid har tysk politi kartlagt over 2000 internett-brukarar som mistenkte i den omfattande saka.