Det var under ein aksjon mot det svenske barneporno-miljøet på internett at Redd Barna i Sverige kom over sogningen si epost-adresse i januar i år.— Då vi fekk meldinga gjekk vi raskt til ransaking av husværet hans, og fann ei datamaskin som inneheldt rundt 4.000 barnepornografiske bilete og ein del videokassettar med tilsvarande innhald, seier fungerande politimeister i Sogn, Ronny Iden. - Mannen har erkjent forholdet, og har samarbeida med politiet.Materialet som er beslaglagt viser bilete barn heilt ned i forskulealder som er fotografert aleine, eller i seksuelt samkvem med vaksne personar. Sogningen risikerer bøter eller fengsel i opptil to år dersom han blir dømt. - Harddisken har vore til gransking hjå Økokrim, og elles har etterforskinga gått greitt i og med at mannen har tilstått, Seier Iden.Mannen er utelukkande sikta for å besitte det ulovlege materialet, og politiet har ikkje funne grunnlag for å påstå at han har spreidd det til andre.- I slike miljø er det ofte ei oppfordring til mottakarane om å komme med noko tilbake, seier Iden. - Ut over nokon enkelttilfeller har vi ikkje grunnlag for å seie at det har skjedd i denne saka.Etterforskinga er så godt som ferdig, og vil med det første bli sendt over til statsadvokaten for endeleg påtaleavgjerd.