Rundt 100 pokerspelarar tok del i den opne estiske meisterskapen. Ikkje mindre enn kring 20 av dei var norske. Pokermeisterskapen i Estlands hovudstad Tallinn gjekk over fem dagar. Seinare i sommar dreg Rømmen til Las Vegas for å delta i VM i poker.

— Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal ta del i hovudturneringa, men eg skal i alle fall spele nokre sideturneringar, seier pokerspelaren til Sogn Avis.

Rømmen tok til å spele poker for tre år sidan. I fjor var han i semifinalen i World Poker Championship i Dublin, men måtte sjå seg slått av nokre av verdas beste pokerspelarar.

— Spel aldri for pengar du ikkje har råd til å tape, er hans råd.