PER MARIFJÆREN

Den gamle brusteinen rundt om i Bergen er ofte levert frå lokale steinbrot på Vestlandet, blant dei granittbrotet på Lindane i Balestrand kommune.

Håkonsgaten er einaste av byens gater som fekk komplett dekke av den rosa granittsteinen frå Lindane.

«Lindegaten»

— Håkonsgaten kunne ha vært kalt for Lindegaten, skriv forfattarane Tom Heldal og Øystein J. Jansen i boka Steinbyen Bergen , og held fram:

«Gaten fremstår i dag som en, for så vidt, spennende mosaikk - men tenk om den hadde vært en ren Lindegate.»

I dag er dette eit av byens mest trafikkerte gatestykke med ein døgntrafikk på mellom åtte og ni tusen kjøretøy - som humpar og slår seg bortover denne steinlagte berg- og dalbana.

Når gata no skal oppgraderast, vil Vegvesenet prøve å ta vare på ein del av historia, blant anna ved hjelp av nyhogd kantstein frå det opphavelege steinbrotet i Sogn.

For det er på ny aktivitet i det gamle granittbrotet, der blant anna svenske arbeidsfolk braut ut den lagdelte granitten frå fjellet og hogg den for hand.

Det var i 1915 at Vestlandske Steinindustri starta opp brotet i Lindane for fullt, og hadde på det meste mellom 20 og 30 mann i arbeid.

Ny aktivitet

I nyare tid er brotet tatt opp igjen, og etter ein konkurs i 2002 er det no entrepenøren Jarle Midttun som prøver seg.

— Vi har fire-fem mål med granitt av aller beste kvalitet her, fortel Jarle Midttun, og viser oss det vesle brotet der granitten ligg i tjukke lag innover i fjellet.

— I gamle dagar tok dei berre dei øvste laga, men no kan vi ta ut også dei tjukkare laga innover i fjellet.

I dag leverer Sogne-Granitt AS berre rå granittblokker, som må foredlast av andre. Men Midttun har planane klare for å bygge ny produksjonshall på staden, der han får høve til å kutte, hogge eller polere produkta etter behov.

— Det er eigentleg berre fantasien som set grenser for kva steinen kan brukast til, seier enterpenøren.

Granitten blir broten ut i store stykke, ved hjelp av bor og luftputer.

Steinen som no skal til Håkonsgaten i Bergen blir kantstein på fortau.

Ikkje asfaltlappar

Første fase av oppgraderinga sklal gå ned til Vestre Torggate, og vere ferdig i mars 2006.

— Vi kjem til å bruke om igjen all brusteinen som ikkje er utslitt, og supplere med ny kinastein der det trengst, fortel byggeleiar Terje Engevik hjå byggherren Statens Vegvesen. - Denne gata er jo blitt lappa og suplert med annan brustein opp gjennom åra. Vi har ikkje nok Lindane-stein tilk å legge heile gata med, men vi vil lage reine felt av gata med slik stein.

På den måten vil dei bruke om igjen mest mogeleg av den gamle kantsteinen, og supplere med ny stein frå Sogn. Sistnemde har i løpet av sine 70-80 år som gatestein vist seg å vere av svært god kvalitet.

— Granitten frå Lindane er spesiell. Den har ein farge og eit liv i seg som gjer den langt finare enn den grå brustenen som blir importert frå Kina.

Men som vanleg er det også spørsmål om pris i slike saker, og alle veit kva favør den kampen går i.

Uansett - Håkonsgaten skal få ei sårt tiltrengt opppgradering, og Engevik kan i alle fall love ein ting:

Asfaltlappar er bannlyst.

LAGVIS: Granitten ligg i tjukke lag. På bildet ser ein også ei av luftputene som blir brukt til å sprenge laus blokkene.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH
STARTAR PÅ NYTT: Det gamle steinbrotet på Lindane i Balestrand får no nytt liv. Entrepenør Jarle Midttun sender no sine første steinblokker til Håkonsgaten i Bergen.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH
TRADISJONAR: Ein av dei gamle brusteinane som vart brukt i bergensgatene. Hogd for hand, blant anna av svenske gjestearbeidarar i Sogn. <br/>Foto: ODDLEIV APNESETH
«LINDEGATEN»: Håkonsgaten i Bergen blir oppgradert. Ein gong var det utelukkande Lindane-stein i denne gata. Med tida har den blitt eit lappverk som alle bergenske bilistar kjenner smerteleg godt. <br/>FOTO: RUNE SÆVIG