Det var måndag ettermiddag det blei funne ein daud hjort mellom bresenteret og Gjerde, sentrumsområdet i Jostedalen. Det skjedde etter at bygdefolk tidlegare på dagen hadde meldt frå om sporobservasjonar. Ifølgje rovviltkontakt Einar Fortun er det ikkje tvil om at ein bjørn har slått hjorten.

— Bjørnen har vore svolten. Det var ikkje mykje att av hjortebukken, berre skinn og ryggrad, fortel Fortun til Sogn Avis.

Jaga hjorten

Spora på staden syner at ein godt vaksen bjørn har jaga dyret kring 200 meter i den djupe snøen. Så har rovdyret teke ein snarveg, hoppa utfor ein hammar og teke bukken.

Bergens Tidende kunne i november i fjor fortelje at alt tyda på at ein bjørn hadde gått i hi i Jostedalen. Bjørnen blei sett då han vandra over fjellet frå Skjåk, og seinare blei det fleire gonger funne spor i Jostedalen.

Fortun har teke prøver av avføring frå bjørnen som no er sendt inn for å skaffe DNA, men Statens Naturoppsyn kjenner seg trygge på at det er same bjørnen som kom inn austfrå i haust.

— Dette er eit vakse dyr, mest truleg ein hannbjørn.

Overraska

Fortun er overraska over at bjørnen alt no er vakna frå vinterdvalen, vel ein månad tidlegare enn normalt. Ein teori kan vere at han har vakna av snøskred i området. Einar Fortun følgde spora austover til Fåbergstølen, og trur difor bjørnen kan vere på veg tilbake til Skjåk der han kom frå i fjor haust.

— Han har gått til Fåbergstølen natt til måndag. No har han fått godt med mat, så truleg legg han ut på vandring, men heilt sikre kan vi ikkje vere, seier Fortun, som ber om observasjonar frå publikum.

- Bør folk i Jostedalen vere redde?

— Nei, det trur eg ikkje det skal vere grunn til. Folk kan gå skiturar og oppføre seg om dei har gjort. Dyret kan alt ha gått over fjellet. Farlegaste vil vere om folk kjem over bjørnen når han har teke eit bytte. Men eg trur ikkje risikoen for det er så stor. Han er god og mett no, seier Fortun til bt.no.