Prøvar er tatt og sendt til analyse etter at det er funne død fisk i elva. Fylkesveterinær Martin Binde seier til NRK Fylkesnytt at situasjonen er alvorleg.

— Vi trur det er større sjanse for at det er gyro-smitte enn at det ikkje er det, seier Binde.

Han fryktar at også andre vassdrag i Sogn kan vere smitta. Det var i 1997 at gyrodactylus salaris vart oppdaga i Lærdalselvi.

— Om lakseparasitten har smitta frå Lærdalselvi til Sogndalselvi, er risikoen stor for at også andre vassdrag i regionen er smitta, seier Binde, som peikar på den stadig aukande elvepadlinga som ei mogeleg smittekilde mellom vassdraga i distriktet.