Analysen av den første prøven blei klart no i ettermiddag.

— Denne eleven har svineinfluensa, opplyser rektor Marta Sofie Vange til bt.no.

Ifølgje Vange gjer dei førebels ikkje andre tiltak enn dei som blei sette i verk tidlegare i veka.

— Elevar som er sjuke har fått streng beskjed om å halde seg heime ut veka. Men skulen blir halden open.

87 elevar var vekke frå skulen dei to første dagane denne veka, etter å ha blitt smitta på ein russetur til Mallorca.

— Nokre fleire er borte i dag, men det er ikkje mange. Vi følgjer situasjonen nøye, og står i nær kontakt med kommunehelsetenesta, seier Vange.