— Eg har aldri høyrt om ein kommune som subsidierer ølkjøparar. Det er heilt forkasteleg, seier kommunepolitikar Kjetil Ertesvåg (Frp).

Styret i ølutsalet har frist til kommunestyremøtet i midten av juni til å vurdere om det er grunnlag for forretningsmessig drift av det kommunale ølmonopolet.

— Eg trur det vil bli vanskeleg å sy saman eit driftsopplegg i balanse, seier styreleiar Inge Rolf Torstad (Sp).

Dersom det ikkje går, er ordførar Karen Marie Hjelmeseter (Sp) budd på å gje opp kampen for monopolordninga:

Raude tal

Sogndal Ølutsal gjekk i fjor med 112.000 kroner i minus. Same året fekk monopolet tilført 537.000 kroner i ny kapital. I 2005 kom selskapet ut med eit lite pluss, medan dei i 2004 gjekk med heile 350.000 i underskot.

— Vi har vore nøydde til å setje ned prisane for å møte konkurranse frå daglegvarebutikkane i kommunane rundt oss. Dei åra ølutsalet gjekk i pluss, fekk vi ikkje lov til å bruke av overskotet til å byggje opp eigenkapital. Hadde vi fått det, kunne vi nok tært på den nokre år framover. Men slik det er no trur eg det blir vanskeleg å drive vidare, seier Torstad.

Det same meiner ordføraren. Hjelmeseter minner likevel om at det er først dei siste åra at monopolordninga har blitt ei utgift for kommunen.

— Ser vi økonomien over alle dei åra det har vore ølpol i Sogndal, har lag og organisasjonar fått tilført ein stad mellom sju og åtte millionar.

I Sogndal har dei alkoholpolitiske argumenta alltid vore sterkt framme når politikarane kvart fjerde år sidan først på 1990-talet har diskutert ordninga. Omsynet til over 2000 hybelbuande elevar og studentar har vore brukt som argument for monopolet.

— Det har vore harde politiske tak mange gonger, men fleirtalet har alltid enda ned att på monopolet, seier ordføraren, som sjølv har vore ein varm forsvararar av ordninga.

Kjetil Ertesvåg seier det ikkje lenger finst noko alkoholpolitisk argument, når daglegvarebutikkar i nabokommunane sel øl over disk til lågare prisar.

Verneverdig

Sogndal er ikkje einaste staden der drifta av ølmonopolet balanserer på ein knivsegg. Også i Vefsn i Nordland synte rekneskapen raude tal i fjor.

Eitt av pola som går best, er det andre monopolet i Sogn og Fjordane, Førde. Ølutsalet der har årleg levert resultat i hundretusenkronersklassen. Overskotet har mellom anna blitt brukt til å finansiere næringsutviklingsarbeid.

— Eg har vel trudd at ordninga syng på siste verset, men no er dette i ferd med å bli så spesielt at det nesten er verneverdig, seier ordførar Nils Gjerland.

Han vil ikkje vil spå korleis det vil gå når kommunestyret som skal veljast i haust skal ta stilling til omsetnadsform dei neste fire åra.

— Men det kan jo hende det påverkar politikarane at mange av innbyggjarane vil ha butikkøl.

DÅRLEG BUTIKK: Ølmonopolet i Sogndal har vore dårleg butikk dei siste åra. FOTO: SOGN AVIS