Tilsynet slår fast at 35-åringen har brote krava til journalføring i helsepersonellova, men finn ikkje at brota er så alvorlege at det gjev grunn til reaksjonar mot mannen.

Det var Bergens Tidende som sist laurdag omtalte saka der mannens tidlegare arbeidsgjevar, Kiropraktorklinikken i Sogndal, klaga han inn til Fylkeslegen i Sogn og Fjordane. Den 35 år gamle mannen har kiropraktorutdanning frå Danmark, og var turnuskandidat ved klinikken frå august i 2011 til rett før jul same år. Då sa Kiropraktorklinikken opp avtalen.

Kiropraktorklinikken har vore ein del av det medisinske støtteapparatet til fotballaget, og som turnuskandidat var mannen med på å behandle spelarar. Etter at han blei oppsagt i Sogndal, fekk han halde fram turnustenesta ved ein klinikk i Bergen. Han heldt også fram i Sogndal Fotball, og behandla fleire av eliteseriespelarane. Klinikken tok saka til Helsetilsynet, fordi dei meinte den danmarkutdanna kiropraktoren praktiserte utan lisens.

Bergens Tidende har så langt ikkje fått innsyn i avgjerda, men Helsetilsynet stadfestar at dei ikkje har funne grunnlag for dei alvorlegaste punkta i klagen om at mannen skal ha drive pasientbehandling utan autorisasjon. Dei har difor ikkje funne grunn til å gje administrative reaksjonar. Avgjerda blei teken 12. desember i år. Dagen før godkjende Statens Autorisasjonskontor for Helsepersonell hans autorisasjon for å praktisere som kiropraktor i Norge.

— Begge desse vedtaka gjev støtte til min klients syn, skriv mannens advokat, Geir Jøsendal, i ein e-post til Bergens Tidende og andre media som omtalte saka i etterkant.

Sjølv om 35-åringen er frikjend for dei alvorlegaste klagemåla, meiner Helsetilsynet har brote krava til journalføring. Dette går på at helsepersonell har plikt til å registrere opplysningar i ein journal for den enkelte pasient. Slike journalar skal innehalde relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og den hjelpa som er gitt.