— SIL fotball er ei bedrift som kombinerer ungdommeleg pågangsmot og muskelkraft med ei sterk satsing på kompetanseutvikling. Dei satsar stor på utvikling av talent, sa fylkesmann Oddvar Flæte under utdelinga av prisen på næringskonferansen i Førde i kveld.

Profilprisen blir delt ut til enkeltpersonar, bedrifter, institusjonar og andre som har markert seg nasjonalt eller internasjonalt, og på ein slik måte at effekten er positiv for fylket og utviklinga.

Juryen bak tildelinga, tidlegare stortingsrepresentant Astrid Marie Nistad, fylkesrådmann Per Drageset og fylkesmann Oddvar Flæte understrekar at fotballaget til Sogndal er den organisasjon i Sogn og Fjordane som får desidert mest mediaomtale. Dei profilerer heile fylket på ein framifrå måte som verkar positivt både på identitet og sjølvkjensle.

— Ved å tilpasse drifta til rammevilkåra i ei bygd, har SIL fotball utvikla ei produkt som klarer seg svært godt i konkurranse med dei store i elitedivisjonen dei opererer i, meiner juryen.

Prisen, som er ein statuett laga av Skule Waksvik og eit diplom, blei i går delt ut for 15. gong.