Det er Sogn Avis som laurdag avslører det førebels siste kapitlet i føljetongen om Lidl og Gilde i Sogndal.

Ahlin hadde planar om kombinasjon av eit maritimt anlegg ved strandlinja og, saman med Lidl, over 30 arbeidsplassar.

No kan tomta bli liggjande brakk.

Sogn Avis skriv laurdag: «Fram til tysdag denne veka var det ukjend for offentlegheita at ein lokal interessent saman med Lidl hadde det høgste bodet. Då gjorde NRK Sogn og Fjordane det kjend at Magne Ahlin som eig Slinde Transport, var partnar til den tyske daglegvaregiganten».

BT bretta for ein månad sidan ut historien om kvifor Lidl ikkje kom til Sogndal. Reportasjen førte, ifølgje lokal partileiar og tidlegare stortingsrepresentant Astrid Marie Nistad, til krav frå Arbeiderpartiet i Sogndal om gransking av saka.

No kjem altå neste kapittel fram i lyset; kommunen avviste ikkje berre Lidl men også ein lokal næringsdrivande i kommunen.

Ifølgje Sogn Avis hadde Magne Ahlin ein intensjonsavtale med fleire butikkjeder som ville etablere seg i Sogndal (på Gilde si nedlagte slaktehus-tomt i sentrum red. anm.).

Avisa skriv: «Dei nye opplysningane som no er komne fram i lyset stiller også konkurranseforholdet til Sogningen Storsenter i eit heilt nytt lys. Innanfor handelsnæringa er det liten tvil om at den nye konstellasjonen på Stedje-sida (Gilde-tomta red. anm) ville ha vore ein sterk motvekt til storsentret».

Slinde Transport med i dag 15-20 vogntog ville blitt ein sentral aktør i Lidl sitt transportsystem i Sør— Norge, om kommunen hadde sagt ja til Ahlin/ Lidl.

— Det ville gitt ein betydeleg ekspansjon for oss, seier Ahlin.

Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Under saksbehandlinga var Jarle Skartun ( Sp) ordførar. Han har nære familiebånd til ein av dei to eigarane av av Sogningen Storsenter der det vart investert over 100 millionar i utbygging for vel fem år sidan.