PER MARIFJÆREN

Indre Sogn forhørsrett fengsla onsdag ettermiddag den drapssikta 28-åringen i Sogndal fengsla fram til 10. september, nesten to veker mindre enn det politiet kravde.

Dommar Steinar Velle er nemleg ikkje utan vidare samd i politiets påstand om forsetteleg drap. Velle meiner i si grunngjeving at det heller kan dreie seg om lekamskading med døden til følge, eller eit aktlaust drap.

— Vi er usamde i rettens syn på dette, og vil no vurdere å påkjære denne kjennelsen, seier politiadvokat Knut Broberg til bt.no.

Likevel er Broberg nøgd med at retten no har fengsla mannen, slik at politiet får gjennomført den etterforskinga dei meiner er naudsynt i saka. Blant anna er målet å finne ut om det er grunnlagt for 28-åringens påstand om at drapet på broren skjedde i nødverge. Blir dette konklusjonen, skal mannen i så fall frifinnast og ingen tiltale reisast mot han.

Men i første omgang må han sitte til 10. september, dei første 14 dagane med brev- og besøkskontroll.

Opphaveleg var politiet nøgde med å halde mannen 14 dagar i varetekt, og på dette tidspunktet samtykka sikta til fengslinga sjølv om han nekta straffeskuld for drapet på sin fire år eldre bror.

Men da politiet utvida fengslingskravet til fire veker, trakk 28-åringen sitt samtykke til fengslinga.

Bak stengte dører i forhøyrsretten fekk sorenskrivar Steinar Velle blant anna høyre sikta forklare seg om oppveksen og forholdet til den eldre bror sin.

ý Vi hadde ei forståing om to vekers fengslig, og eg kan ikkje sjå kva grunnlag dei har for å gå tilbake på dette, seier 28-åringens forsvarar, advokat Louis Anda. ý Min klient har jo forklart seg om dei faktiske omstenda rundt det som skjedde søndag kveld, og at det var snakk om nødverge.

Anda er no spent på korvidt politiet vil bestride denne forklaringa.

ý Det finst solide vitneforklaringar på at den avdøde opptredde trugande og aggressivt tidlegare på dagen han vart drepen, seier forsvararen.