Gløym Finnmark og Nordland. Ingen fylke hadde større nedgang i folketalet i fjor enn Sogn og Fjordane.

I løpet av 2005 vart det 382 færre innbyggjarar i fylket, viser Sparebanken Sogn og Fjordane sitt konjunkturbarometer. Og utviklinga held fram: Første halvår i år gjekk folketalet ned med ytterlegare 162 personar. Fylket har no drygt 100.000 innbyggjarar.

Det er ungdommen som forsvinn: Dei siste fem åra har det blitt 3090 færre under 40 år i fylket, medan det har blitt 2150 fleire over 40 år.

Utdanna til Førde

Førde er, saman med Sogndal og Gloppen, den einaste kommunen der folketalet har gått opp dei siste fem åra.

Fylkets største by er den som har trekt til seg flest med høgare utdanning: Heile 447 av dei 1000 arbeidsplassane som har kome til for folk med høgare utdanning dei siste fem åra har hamna i Førde.

Mykje av denne veksten har kome i helse— og sosialtenester, og 300 av dei 447 er kvinner.

Jobbane som har kome til for høgt utdanna har i stor grad kome i offentleg sektor, skriv banken.

Folketalet går mest ned i ytre strøk (Vågsøy, Flora og Askevoll) og i industrikommunane Høyanger og Årdal.

Offentleg sektor

At fylkeshovudstaden er avhengig av offentlege arbeidsplassar blir stadfest til gangs i utrekningar BT har gjort med utgangspunkt i tal frå Statistisk Sentralbyrå:

88 prosent av dei nye jobbane som har blitt skapt i Førde i åra 2001-2005 kom innanfor det offentlege. Og medan det vart 734 fleire jobbar innanfor det offentlege, forsvann 184 arbeidsplassar i industrienog 137 innan bygg- og anlegg.

Nærmast det offentlege i jobbskaping kjem varehandle, hotell og restaurantbransjen, med ein vekst på 80 sysselsette.

Nær halvparten (46,2 prosent) av alle som jobbar i Førde var tilsett i det offentlege ved utgangen av 2005. Fem år før jobba 39 prosent i det offentlege.

Næringslivet går betre

Eit lyspunkt er at næringslivet i fylket tener meir pengar. Tal Sparebanken Sogn og Fjordane har henta inn viser at driftsresultatet vaks med til saman ein halv milliard i fjor. Og banken trur på endå betre resultat i år.

Men trass i gode resultat vart det 23 færre arbeidsplassar i fylket i 2005, noko som kjem på toppen av ein nedgang på 1500 dei føregåande fem åra.