– Samla for heile høgskulen sende vi tilbod om studieplass til 35 prosent fleire enn i fjor. Eg kan ikkje gå god for at vi er den institusjonen for høgare utdanning som ser ut til å få størst vekst, men eg trur ikkje vi skal vere langt unna førsteplassen, seier assisterande rektor Hans Jørgen Binningsbø.

Høgskulane i distrikta har i fleire år slite med søkjartala. Ikkje minst til lærarutdanningane, der fleire høgskular berre har greidd å fylle kring halvparten av studieplassane. I år har det snudd, og mest har det snudd Sogndal.

Fleire vil inn i skulen – Vi har ei veldig positiv utvikling på alle studieretningar, seier Binningsbø.

Auken er likevel spesielt stor på lærarutdanningane i Sogndal. Der kan førsteårsstudentane få det trongt om plassane på førelesingssalane. Medan det i fjor blei sendt ut tilbod om studieplass til 45 på allmennlærar— og 30 på førskulelærarstudiet, er tilsvarande tal i år 67 og 125. Talet på studieplassar er 70 på allmenn og 90 på førskulelærar.

Ei forklaring på den veldige auken til førskulelærarutdanninga, er eit nytt desentralisert tilbod. Noko som gjer at høgskulen kan ta inn fleire studentar.

– Vi trudde nok dette ville vere eit populært tilbod, men hadde ikkje venta slik pågang, seier Binningsbø.

Mindre auke på Stord Også på Stord er det auke, om enn ikkje like stor. Studiesjef Geir Tveide seier dei har gitt tilbod om studieplass til nær 50 både på allmenn- og førskulelærar. Høgskulen har 90 og 70 plassar på dei to utdanningsretningane.

– Vi la i går ut ledige plassar på restetorget, og sist eg sjekka hadde vi 16 søknader til allmennlærar. Så vi håpar få fylle fleire plassar enn dei siste åra, då vi har teke opp mellom 40 og 50 studentar.

– Korleis er høgskulen nøgde med opptaket?

– Når det gjeld lærarutdanningane hadde vi nok håpa på større vekst, seier Tveide. Men bortsett frå ledige studieplassar innan lærar og kulturfag, kan han melde om så godt som fullt på andre studieretningar, og ventelister på sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen Stord/Haugesund.

Friluftsliv i Sogn Finanskrisa er truleg mykje av årsaka til at talet på søkjarar til høgare utdanninga har auka med kring ti prosent på landsbasis. Og også til at veksten er størst til studieretningar som kvalifiserer for det som blir oppfatta som trygge arbeidsplassar i det offentlege.

– Det nye for oss er at vi får ein del i veksten. Det har vi ikkje greidd siste åra, seier Binningsbø om utviklinga for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Korleis forklarar du det?

– Eg trur vi gjennom å jobbe med studiekvalitet, har klart å gjere oss meir attraktive. Men vi ser også ein tendens til at unge i dag er meir interesserte i naturaktivitetar. Vi har i fleire år hatt populære studium innan idretts- og friluftsliv. Vi merkar no at også studentar som vel andre studieretningar kjem til oss, fordi dei finn sjansane og forholda gode for å drive friluftsliv på fritida.

FULLT: Det er ventelister på sjukepleierutdanninga ved Høgskulen Stord/Haugesund.
Odd Mehus (Arkivfoto)