Medan 38 prosent av unge kvinner i Sogn og Fjordane studerer ved høgskular, er landsgjennomsnittet 32 prosent.

— Det er ei formidabel utfordring å gjere seg nytte av dei mange kvinnene frå fylket som skaffar seg høg utdanning, meiner konsulent Ann-Kristin Copson i arbeidsgjevaravdelinga i Kommunenes Sentralforbund.

Copson var mellom innleiarane då fylkestinget i Sogn og Fjordane i går hadde temadag om likestilling.

Fylkesrådmann Per Drageset sa under samlinga at dei vil arbeide for å få opp andelen kvinnelege leiarar. I dag er ingen av direktørane i fylkeskommunen kvinner.

23 prosent av unge menn frå fylket tek høgare utdanning. Dette er nøyaktig på landsgjennomsnittet.