Søfteland lova dette då han fredag ettermiddag møtte fylkesordførar Gisle Handeland, byråd Tom Knudsen Sund-ordførar Albrigt Sangolt og ein del andre utsendingar vestfrå i Oslo.

Sendelaget var i Oslo for å leggja fram Bergensprogrammet for samferdsleminister Torild Skogsholm. I etterkant av møtet nytta dei høvet til å nemna alt styret som har vore omkring den gamle ferja «Fjordgar», som Sjøfartsdirektoratet aller helst vil senda i opplag.

— Vegdirektøren gav klar melding om at det er mykje betre å få bygt ei ny ferje snarast råd enn å rusta opp den gamle, slik Sjøfartsdirektoratet har sett som krav for at ho skal få segla nokre månader til, seier fylkesordførar Gisle Handeland til bt.no.

Både Handeland og Sund-ordførar Albrigt Sangolt var svært nøgde med utspelet frå Søfteland.

— Han sa det var meiningslaust å bruka pengar på den gamle ferja, når ho likevel har så kort tid att i trafikken. No har Sjøfartsdirektoratet sett som vilkår for trafikk ut over 1. mai at HSD gjennomføre ein del tryggingstiltak om bord, men eg reknar med at vegdirektøren tek dette opp med Sjøfartsdirektoratet sjølv, seier Sangolt.

Han trur at ei ny, gild og snøggåande katamaranferje i aluminium kan vera klar til trafikk før eitt år er gått.