Eit femtitals firbeinte med fin luktesans og 70 bikkjerelaterte personar var sist veke samla til kurs på Bømoen, eit hovudkurs for hundeførarar på barmark. Det vil seia søk på asfalt, på grus, i skog, i hage, på svaberg, i elv og langs bekk med meir. Den andre gruppa er lavinehundane.

Stort kurs

— Det er første gongen vi har hatt eit hovudkurs på Voss, fortel kursleiar Jan Erik Grande.

- Så redningshundane er om sider komne heim ?

— Det kan du godt seia. Det var Kåre Skaldstad her på Voss som grunnla organisasjonen som i dag heiter Norske Redningshunder, i april 1956. Det var forresten i den månaden eg vart fødd, sier Grande.

Opphav på Uppsete

Kåre Skaldstad og hunden Heidi er kjende som landets første lavinehundekvipasje. Skaldstad gjorde ei viktig oppdaging som redningsmann etter Uppsete-skredet i 1947. Han la merke til at den vesle hunden til ein hytteeigar snusa og gravde fram ein vott i skredmassane. Med sondestenger vart det gjort funn. Det vart opptakten til den no 55 år gamle livreddande organisasjonen.

Lokal entusisast

Sist veke organiserte den jamngamle hundeentusiasten Jan Einar Grande ei kjempesvær samling med den nedlagde militærleiren som base i eit stort treningsområde.

— Voss har alle slags terreng, frå fjord til fjell, skog og tettbygd, seier Jarle Mjånes, lokalkjend øvingstilretteleggar.

Helikoptertransport

Onsdag øvde hundane på transport med Seaking helikopter.

— Helikoptermannskapa er veldig imøtekomande, og går heilhjarta inn i øvingane, fortel han.

— Hundane må kunne takla transport med bil, helikopter og snøsccoter skal dei vera ein ressurs framme i leiteområdet, seier politibetjent Jens Petter Gravning ved Voss lensmannsdistrikt.

Kvalitet

Grande fortel at hundane må venja seg til transporten gradvis. Først med motoren av. Den gode redningshunden taklar motorbråk, andre hundar, masse folk, lukta av drivstoff, og kan likevel konsentrera seg om lukta av personen det blir leita etter.

— Det er kvalitet i hundane som taklar alt dette seier Grande.

Hundane som får A-sertifikat må visa for dommarane at dei beherskar eine situasjonen etter den andre, som dei vert utsett for gjennom ei heil veke.

Store treningsdosar

Enkelte av ekvipasjane på kurset er nybyrjarar. Dei går for C-sertifikat, andre er komne eit hakk vidare. Om eit år eller to kan dei aspirera til A-klassen, om talentet og treningsviljen er der.

— Treningsmengdene til dei riktig flinke tilsvarar ein toppidrettsutøvar, seier Gravning.

Til B- og C- sertifikat kan det øvast på lokale kurs, men mange er gjerne med på hovedkurset for å dra nytte av dei mange høgt kvalifiserte instruktørane og snusa på atmosfæren i miljøet.