Gode idear som kan omsetjast i arbeidsplassar, det er det som står øvst på ønskjelista når omstillingskåte sunnhordlendingar inviterer til treff på utestaden Rick's i Bergen komande onsdag.

— Me vil gjerne knyta kontakt med studentar og anna godtfolk frå Stord og Fitjar som bur i bergensområdet, men som kan tenkja seg å flytta heim igjen. Anten for å gå inn i etablerte verksemder på øya, eller med idear til å skapa nye arbeidsplassar. Gjennom SNU – Samspelforum for næringsutvikling – kan me gi fødselhjelp til nye etablerarar, seier Jørn Olav Myhre, nytilsett leiar for etablerarposjektet i SNU.

Magre tider i offshoreindustrien gjorde at staten bidrog med midlar til å få fart på nyetableringar på Stord, der samfunnet blør når Aker-bedriftene slit. For tida er det høg aktivitet ved nøkkelverksemdene Aker Stord og Aker Elektro, men det seksårige SNU-prosjektet held fram for fullt.

— Mange gode kontaktar blei oppretta, og ei ny bedrift er alt etbalert som konkret resultat av SNU-treffet med hadde på utestaden Smuget i Oslo i januar. No håpar me på god respons også på treffet i Bergen, og kan lova tett oppfølging til dei som har idear dei vil testa ut, seier Jørn Olav Myhre.

Nytt denne gongen er at Stord-bedrifter vil profilera seg på snuplassen Rick's, i håp om å få heimlengten så sterk at ny arbeidskraft kan sikrast. I tillegg blir det kulturelle innslag, og politikarar med ulik partifarge som vil driva felles valkamp for heimplassen.