Skredet gjekk over vegen ved Fløgatunnelen i Hyefjorden. Snømassane sperrar tunnelmunninga.

Mannskapane planlegg å byrje ryddinga ved 10-tida. Vegen vert truleg stengt nokre timar til.

Skredet, som gjekk natt til tysdag, skal vere rundt 30 meter breitt. Det er varsla stor skredfare i fylket dei komande dagane på grunn av mildver.