Begge fortausryddarane til Stord kommune var ute av drift måndag morgon etter at plogane på dei to minitraktorane braut saman.

— Dermed ligg me på etterskot med brøytinga av fortaua, seier oppsynsmann Fredrik Litleskare til Stord kommune si internettutgåve.

Kommunen sine mannskap var ute natt til måndag for å ryddda unna all snøen som fall sundag kveld.

Dei store snømengdene gjorde at to stålplogar knakk. Begge fortausryddarane måtte på verkstad for sveising av plogjarn.

Måndag føremiddag er det difor ein pause i fortausryddinga, alt medan det har teke til å snøa kraftig igjen.