— Vi var nedover og grytte vekk noko sørpe tidleg på åttitalet, seier Geir Mykkeltveit.

Det illustrerer kor sjeldan det vert brukt roterande snøplog på jernbanestrekninga mellom Voss og Bergen. Sundag var han heilt inne på Bergen stasjon med Beilhack’en.

— Klimamøtet i København var jaggu effektivt. Det slo til med kulde med ein gong, kommenterer Geir’en som er sjef om bord og styrer både framdrifta og sporrensaren under bakstussen på denne sundagsturen til byen. Mykkeltveit synest vinteren har vore seigliva her nede i låglandet, men til Jonsok må vel snøen vera vekke.

Presisjonsarbeid

Den andre Geir’en om bord er plogførar Geir Egil Roe, hallingdøl busett på Trengereid. Han styrer snøryddingsaggregatet i fronten. Det er inga lett oppgåve på Vossebanen.

— Det er enklare på høgfjellet, der vi har heile Hardangervidda å plassera snøen på, kommenterer han.

Nedover mot byen er det mykje å passa på. Snøspruten bør unngå hus, private hagar, parkerte bilar og riksvegen, sjølv om salthaldig snø, iblanda asfaltstøv, tydelegvis er brøyta hin vegen. Inne på stasjonsområda må brøytebreidda smalast inn til passasjen mellom plattformer. Heile vegen må ein vera vaken så sporvekslar og andre vitale innretningar ikkje vert øydelagde av kjempekreftene.

— Men elles vil eg ha det brøytt som breitt som råd er, seier Ove Madsen. Han er Jernbaneverket sin oppsynsmann på denne strekninga og er med som kjentmann. Han veit kvar anleggsfolka har materialar gøymt under snøen.

Dyreliv

— Sjå der, ein rev!

Utropet frå plogføraren får Mykkeltveit til å slakka på farten inne i Hotunnelen. Vi held oss bak Mikkel som spring for livet mot tunnelmunningen. Det er ingen grunn til å bruka den roterande til kjøtkvern.

For Roe er dette siste oppdraget på rotaren. Han er tildelt andre oppgåver i Jernbaneverket nærare heimen på Trengereid. Amatørornitologen frå Ål fekk ein minnerik siste plogtur. Eit par ender i Bolstadelva fekk rett nok litt snø på seg, og brukte energi på å flytta seg. Men en svanefamilie på tre, og ein flokk ender på Dalevågen heldt god avstand. Ein fossekall i Vosso kunne også førast på observasjonslista.

Spurvejakt med kanon

Arna er i sikte. Ordren over telefon er klar: Ikkje snu på Arna likevel, men køyr gjennom Ulrikstunnelen.

— Eg vonar nokon har store lommer til å ha snøen i, kommenterer Mykkeltveit.

Han kan ikkje skjøna poenget med å rydda Bergen stasjon med roterande snøplog. Ryddar du eitt spor, fyllest dei andre, eller så fyller du private hagar på oppsida eller godsterminalen på nedsida.

Men så kjem forklaringa. Sjekk ut to defekte sporvekslar som har forstyrra togtrafikken, lyder den nye beskjeden.

Dermed er hakker og spadar eigna reiskap, medan Beilhack’en står parkert.

Det er fort gjort. Eine vekselen er blokkert av ein liten isklump, eit uheldig resultat av kombinasjonen varmekabel og mykje snø. Den andre er blokkert av ein kort sele med metallspenne i eine ende og ein metallkrok i den andre.

— Sannsynlegvis ramla ned frå eit godstog, trur oppsynsmann Madsen.

Det er sanneleg ikkje berre milliardinvesteringar som kan hindra krøll i togtrafikken.

Havarist

Returen til Voss er så vidt i gang før neste uortodokse oppdraget for den roterande snøplogen melder seg. Ei Robel jernbanetralle har fått motorstopp i Arnanipatunnelen og sperrar togtrafikken på Bergensbanen. Mykkeltveit har kjapt diagnosen klar, og innser at reparasjon på staden er utelukka. Eit improvisert slepetau av lastestropper vert festa i havaristen, og vi rygger varsamt attende til Arna.

Dermed er fleire timar med stengd Bergensbane unngått.

På Bulken fyk flisene av treverket i overgangen mellom perrongane. Frosten har pressa fjølene opp. Alt som er laust, og representerer fare for passasjerar og rullande materiell vert fjerna. Til våren må nok bulkarane får nye plankar å gå på.