Det prislønte arkitektfirmaet Snøhetta meiner Statsbygg har seg sjølv å takke for problema med det planlagde nybygget til Kunsthøgskulen i Bergen.

Statsbygg har tidlegare trekt fram taket på Snøhettas vinnarutkast som ein hovudårsak til at bygget ligg an til å bli langt dyrare enn budsjettert. I ei pressemelding Snøhetta sendte ut i går får dei tilsvar:

«Snøhetta synest det er svært uheldig at det bare er taket som trekkes frem som kostnadsdrivende faktor», skriv dei, og listar opp andre faktorar som har drive opp kostnadene som vanskelegare grunntilhøve, fundamentering og «byplanmessige forhold».

I tillegg nemner dei «manglende realitetsbehandling av byggeprogrammets kostnadsmessige konsekvenser i programfasen», ein direkte kritikk av Statsbygg.

Snøhetta kritiserer òg Statsbygg for at dei ikkje har hatt «den nødvendige departementale forankring av prosjektet, og en kontinuerlig dialog med Kunnskapsdepartementet om prosjektets økonomiske rammer og arkitektonisk ambisjonsnivå».

Ifølgje Astrid Renata Van Veen i Snøhetta har dei enno ikkje tatt standpunkt til om dei skal gå til søksmål mot Statsbygg, som vil lyse ut ein ny arkitektkonkurranse for bygget.