— Ei katamaran-ferje, bygt i aluminium, med plass til åtte bilar og 40 passasjerar, kan byggjast for under 20 millionar kroner. Og denne ferja kan nytta dei ferjekaiane som ligg der i dag, på Hjellestad og i Klokarvik, på Bjelkarøy og Lerøy, seier Karsten Høyland i Sartor Shipping på Sotra til Bergens Tidende.

Fire nye kaiar

— Til samanlikning har HSD tinga ei ferje til 48 millionar kroner. Men ho krev fire nye ferjekaiar, som vil koma på over 30 millionar kroner. Tilsaman 80 millionar kroner.

— Eg trur ikkje vi får politikarane med på ei løysing til 50 pluss 30 millionar kroner. Får eg lov, så skal eg få bygt denne snøggferja og driva henne sjølv. Men dersom HSD vil gjera det i staden, så gjerne for meg, seier Karsten Høyland.

Musikk

— Dette kling som musikk i mine øyrer, seier Sund-ordførar Albrigt Sangolt.

— Vi har framleis selskapet Sundbussen, som dreiv sambandet Klokkarvik-Hjellestad før HSD overtok. Eg meiner vi må søkja om løyve til å overta sambandet att frå HSD, dersom dei ikke er villige til å gå inn på ei løysing med snøggferje, seier Sangolt.

Godt nøgde

Karsten Høyland, som driv 24 fartøy i teneste for oljeverksemda til havs, viser til ei snøgtgåande ferjer i aluminium som Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sette inn i trafikk så seint som i 2000. Divisjonssjef Stig Kristoffersen i FSF seier til Bergens Tidende at denne båten har oppfylt alle ynskje, og vel så det.

«Sylvarnes» tek sju bilar og 42 passasjerar. Båten går i rute mellom Nordeide, Otnevik og Vik i Sognefjorden. Der legg ferja til ved ferjekaiar frå 70-talet, som truleg er av same slaget som dei i sambandet Klokkarvik-Hjellestad.

«Sylvarnes» har ein toppfart på 28 knop, som er over 50 kilometer i timen. Men vanleg fart er 22 knop.

Ferja er bygt ved Lindstøl Skips & Båtbyggjeri i Risør.

Kvar halvtime

— Med ein båt som «Sylvarnes» kunne vi ha avgangar frå Hjellestad og Klokkarvik kvar halvtime. Mange av dei som i dag køyrer frå søre delen av Sotra til byen over Sotrabrua, vil då heller ta ferja til Hjellestad, seier Karsten Høyland.

LITA OG SNØGG: «Sylvarnes» fraktar både passasjerar, bilar og last mellom bygder ved Sognefjorden. Nett den båten som trengst mellom Klokkarvik og Hjellestad, meiner Karsten Høyland i Sotra Shipping.
FOTO: RUNE SÆVIG