Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norled (tidlegare Tide Sjø AS) har inngått forlik i ankesaka som har vore fremja for Gulating lagmannsrett. Norled trekkjer kravet dermed om erstatning for positiv kontraktsinteresse, opplyser fylkesrådmann Tore Eriksen i ei pressemelding.

Hovudpunkta i forliksavtalen er som følgjer:

  • 1. Norled trekkjer kravet om erstatning for positiv kontraktsinteresse retta mot Sogn og Fjordane fylkeskommune.
  • 2. Sogn og Fjordane fylkeskommunen utøver to års opsjonen i opphavleg kontrakt slik at kontraktstida vert forlenga med to år, dvs. frå åtte til ti år.
  • 3. Fylkeskommunen forpliktar seg til å vurdere eventuelle forslag til rutejusteringar som Norled måtte kome med. Det vil likevel vere opp til fylkeskommunen å avgjere om slike justeringar skal imøtekomast.
  • 4. Kvar av partane dekkjer eigne sakskostnader.

Rot til 3, i millionar

Tidlegare har rotet med anbodskonkurransen våren 2008 kosta skattebetalarane i Sogn og Fjordane 3,1 millionar kroner i erstatningar. Mellom anna fekk Fjord1 ein kompensasjon på 1,3 millionar kroner frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i eit forlik som blei inngått i fjor.

I 2007 lyste Sogn og Fjordane fylkeskommune ut drifta av sogne— og nordfjordbåten på anbod.

Måten konkurranseutsetjinga blei gjort på var utradisjonell. I staden for ein vanleg anbodskonkurranse der lågaste pris vinn, valde Sogn og Fjordane å køyre ein prosess der også kriteria som komfort og standard på materiell skulle telje.

Fjord1 blei tildelt kontrakten. Tide (Norled) protesterte, gjekk rettens veg og fekk medhald.

Alt i etterkant av dommen i tingretten konkluderte fylkesrådmannen med at utforminga av konkurransegrunnlaget ikkje var godt nok.

Grovt aktlause råd

Fylkeskommunen brukte Asplan Viak som rådgjevarar, og har gjort det klart at dei vurderer å reise erstatningskrav mot konsulentselskapet. Advokatfirmaet Wiersholm, Mellbye og Bech kritiserer også konsulentane.

I eit notat karakteriserte dei rådgjevinga som grovt aktlaus, og meiner alle vilkår for å få skadebot er oppfylt.

I saksutgreiinga som blei lagt fram for politikarane tok fylkesrådmann Tore Eriksen kraftig sjølvkritikk:

«Etter advokatfirmaet si vurdering er det ikkje grunnlag for å nekte på at fylkeskommunen har eit erstatningsansvar. Konkurransen blei avlyst som følgje av kvalifiserte feil frå fylkeskommunens side,» skreiv han.