I tidsbruk har samferdsla gått i stå — til dels i revers - på felt etter felt dei siste tiåra. Det har skjedd trass i titals milliardar kroner investert i nye traséar, materiell og teknologi.

Snøggbåten frå Bergen til Stavanger tek 45 minutt lengre tid i dag enn for 46 år sidan.

- Sjukt

— Kva? Det er jo litt sjukt, eg ville trudd det var omvendt, seier Astrid Rydland Bjørke idet ho er i ferd med å stige om bord i Flaggruten med destinasjon Haugesund.

Sjølv om snøggbåten sakkar akterut, vil verken Bjørke eller kameraten la båten gå frå seg.

— Pris og komfort er viktigare for meg enn tidsbruken. Eg føretrekkjer båt framfor både buss og fly, seier Sigbjørn Husa.

I 1961 gjekk hydrofoilbåtane langs vestlandskysten med nesten 40 knops fart. Med moderne katamaranar går det saktare.

— Vi har vurdert fartøy med både 40 og 50 knops fart. Men dei teknologiske løysingane er enno ikkje gode nok i forhold til dei store drivstoffmengdene som så høg fart krev, seier adm.dir. Stig Kristoffersen i Fjord1 Fylkesbaatane.

Noreg heng etter

Men det er ikkje berre på snøggbåtfronten det går saktare, viser BTs gjennomgang:

  • Toget mellom Bergen og Oslo brukte 18 minutt mindre i 1991 enn i dag.
  • Ferja mellom Kvinnherad og Stord tok ein halv time i 1992. I dag tar det 40 minutt.
  • Eit brev som skal same vegen bruker seks timer meir i dag enn i 1975.

— Spesielt bytrafikk og jernbane i Noreg heng katastrofalt etter, meiner trafikkplanleggjar Jon Hamre i Bergen.

Fleire trafikantar og nye stoppestader. Drivstofføkonomi, frekvens og kapasitet. Det er nokon av årsakene til at fleire kommunikasjonsmiddel i dag opererer tregare enn for ein mannsalder sidan.

— Det må skje drastiske endringar. Visjonære løysingar må til, elles får vi fleire eksempel på utvikling i feil retning, seier Øyvind Halleraker, Høgre-representant frå Hordaland i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité.

— Vi treng kommunikasjonar som er raskare enn før, ikkje tregare, seier Austevoll-ordførar Helge André Njåstad (Frp).

Njåstad er spesielt oppteken av å få ei snøggferje mot Bergen når Austevollbrua er ferdig i haust. Sambandet Hufthamar-Krokeide blir eit pendelsamband med ei ferje, og Njåstad pressar på overfor Vegdirektoratet for ei ny snøggferje når sambandet skal ut på anbod frå 2009.

- Mobilitet som i aust

— For Vestlandet er eit konsept med høgfartstog svaret på morgondagens krav. Høgfartstog blir den nye samferdslerevolusjonen, seier Øyvind Halleraker, som er pådrivar for ein sørnorsk høgfartsring Oslo-Bergen-Stavanger-Kristiansand-Oslo med lyntog.

— Eg trur at vår utfordring generelt - og som samferdslepolitikarar spesielt - er å finna løysingar som sikrar folk og næringsliv på Vestlandet same mobilitet som finst på Austlandet. Dette er heilt avgjerande for kvar arbeidsplassar blir lokalisert, meiner Halleraker.

Høgrepolitikaren minner om at andre regionar og landsdelar heile tida arbeider målretta for raskare kommunikasjonar.

I Bergen meiner Jon Hamre at kollektivtrafikken har utvikla seg tragisk fordi vegvesen og bypolitikarar ikkje har prioritert buss og bane.

— Det har ikkje vore ein overordna tanke at tidsbruken skal ned, seier Hamre, som kunne tenkt seg færre stopp for den kommande bybanen, med eit matebussystem mot banen.

Tor Høvik