300.480 passasjerar er ein auke på ni prosent for Flaggruten, medan Kystbussen registrerte 380.000 reisande, ein auke på tre prosent.

Trass passasjerveksten er HSD ikkje fullnøgd med stoda for Flaggruten, fortel administrerande direktør Geir E. Aga i HSD Sjø til Haugesunds Avis.

Grunna prispress etter hard tevling med buss og fly tenar ikkje selskapet så mykje på kvar snøggbåtpassasjer som før.

TAR INNPÅ: Draupner og dei andre snøggbåtane får fleire passasjerar.
ARKIVFOTO: RUNE NIELSEN