— Det er høgst kritikkverdig at dette kan skje. Korleis går det eigentleg an? seier far til guten, Are Blokhus, til nettavisa innsida.no.

Åtteåringen reiste med 16.30-båten frå Rosendal.

— Eg gav klar beskjed til mannskapet om at guten reiste åleine, og skulle til Bergen. Dette blei påpeika til dei i kiosken, og guten hadde også med seg ein lapp med informasjon om kor han skulle og telefonnummeret mitt på. Seinare får eg telefon frå ein bensinstasjon på Os, om at guten stod der og gråt – heilt åleine, seier han.

Guten hadde trudd han var framme, og gått i land, utan at nokon stogga han.

Dagleg leiar i reieriet Rødne & Søner, Lars André Rødne, vedgår at det har skjedd ein glipp.

— Vi har heilt klårt ansvar for barn som reiser åleine, når foreldra har fylt ut eit skjema på førehand, seier han til bt.no.

Han beklagar hendinga, og lovar at reieriet skal skjerpe inn rutinane.