• Det er for høg risiko å køyre på smale, glatte vegar, seier kommunkasjonssjef i BIR, Kjersti Kildahl.

Bosstømminga i dei ni BIR-kommunane er sterkt redusert i dag på grunn av dei store mengdene med snø.

— Manglande brøyting gjer at vi må sette menneskelige forhold i hovedsete, seier informasjonskonsulent i BIR, Mette Nygård Havre.

- Menneskeleg risiko

Mange bossbilar har køyrt seg fast i løpet av formiddagen. Dette skaper problem både for BIR og for andre bilar. I tillegg er det så glatt på vegane at mange bossbilar har sklidd inn i andre bilar.

— På grunn av desse hendingane ser vi ingen annan utveg enn å redusere talet på bosstømmingar i dag. Alle bilane er ute på vegen, men dei køyrer ikkje inn på vanskelege, smale vegar med parkerte bilar. Dermed blir det mest tømming langs hovudvegane, seier Nygård Havre.

— Det er for høg risiko for menneske og materiell å køyre seks tonn tunge bilar på smale, glatte vegar, sier Kjersti Kildahl, kommunikasjonssjef i BIR.

Ber om forståing

BIR vurderer situasjonen fortløpande.

— Dei som ikkje har fått tømt bosset sitt i dag, vil få det tømt så fort det let seg gjere. Vi håper alle har forståing for den ekstreme situasjonen de store snømengdene har ført til, seier informasjonskonsulent, Mette Nygård Havre.

Er det rett å la bosset vente i tilfeller som dette?

RISIKO: Store snømengdar stoppar bosstømminga. ARKIVFOTO