• Skal du kryssa trygt under jernbanen på Uppsete, må du ta med deg spade og grava deg gjennom snøen.

ARNE HOFSETH

Dag Skansen, som har hytte på Mjølfjell, er provosert over Jernbaneverket sine formaningar til skiløparar om å unngå leik med livet ved kryssing av jernbanesporet.

— Først må Jernbaneverket fjerna snøen i den relativt nye undergangen ved Uppsete stasjon, seier han til Bergens Tidende.

Torstein Hellesnes, som eig Uppsete Fjellstove, stadfester at undergangen har lett for å verta fylt med snø. Det syter både vinden og roterande snøplogar på Bergensbanen for.

Det ideelle ville sjølvsagt vore at den nye undergangen vart halden fri for snø. Men han synest det må vera greitt nok å kryssa over jernbanelina ved stasjonen. Der er det vanlegvis brøytt på og ved plattforma. Du risikerer ikkje å bli fanga i ei felle mellom høge brøytekantar når toget kjem.

— Brukar du hovudet og kryssar raskt over når det er klar bane til begge sider, vil det gå bra å kryssa på planovergangen. Det har det gjort i nesten hundre år før undergangen vart bygt, seier han.

Den vesle tunnelen vest for Gravhalsen kan representera eit faremoment. Kryssar du jernbanelina når eit tog vestfrå er inne i tunnelen, kan marginane verta knappe.

— Men du har god sikt til jernbanelina bortanfor tunnelen. Bruk hovudet og vent nokre sekund, til du er sikker på at eit eventuelt tog inne i tunnelen er kome gjennom, seier Hellesnes.