Sluttsifra vart såpass stygge som 0-8, og berre nokre dristige grep frå målvakt Ann-Kristin Gustad hindra tosifra då heimelaget rakna i andre omgang.

Respektlaus start

Voss gjekk respektlaus til verks mot toppserielaget med landslagskaptein Ane Stangeland Horpestad i brodden, og med fem spelarar frå aldersbestemte landslag.

Men så sette Astrid Grøtta Ree (halvt vossing) inn det første målet for Klepp, etter fleire uheldige klareringar på rad i vossaforsvaret.

Og så trakka Voss sin stjernespelar Laila Himle over så ettertrykkeleg at ho vart henta med ambulanse. Dermed fekk laget ein knekk, ikkje minst psykologisk. Like etterpå auka Cathrine Dyngvoll til 2-0 for Klepp, men vossajentene heldt denne stillinga til pause.

I andre omgang fullførte Dyngvoll hat trick før Ann-Kristin Gustad stengde buret for ein periode, trass i at forsvaret framfor henne ikkje fungerte. Så fann Klepp ut korleis dei skulle unngå nærkontakt med målvakta, og sette inn fire mål ved Line Smørsgaard, Hege Hansen, Gry Tofte Ims og målvakt Lill Yvonne Karlsrud som scora på straffe.

Smerteleg

Skaden til Laila Himle var smertefull for henne og smerteleg for laget, som jobbar heilhjarta for å hevda seg i serien etter opprykket. Skade i ein kamp der det betyr lite kor mange mål Klepp vinn med, er surt.

Skulda vert lagt på ujamn grasbane, og på Fotballforbundet som ikkje tillet at slike kampar vert flytta til kunstgraset like nedanfor. Herrelaget spelar dei fleste kampane sine på kunstgras. Dei spelar i 3. divisjon og der er det Hordaland Fotballkrets som gir dispensasjon.

HINDRA TOSIFRA: Klepp sine spissar fekk erfara at det ikkje var lett å få med seg ballen forbi Voss sin målvakt Ann-Kristin Gustad.
arne hofseth
AUTOGRAFJAKT: Landslagskaptein Ane Stangeland Horpestad tok seg tid til å skriva autografar til spelarar på Voss sitt jentelag.
arna hofseth