Diskusjonen under gårsdagens Ap-nominasjon til neste fylkestingval i Sogn og Fjordane viste nok ein gong at dette mest av alt handlar om geografi.

Direkte talande var det da sogning Ernst Veum forsnakka seg stygt i sitt forsøk på å forsone seg med fjordingane.

— Vi må lage ei liste som skal kunne selgast i heile Sogn, sa Luster-ordførar Veum, som først merka sin eigen tungeglipp da latteren frå salen nådde han.

— Eh, heile Sogn og Fjordane, meiner eg sjølvsagt.

- Treng sosial intelligens

Største spenningsmomentet i forkant var korleis møtet ville takle nominasjonsnemnda sitt forslag om å vrake partiveteran og tidlegare fylkesordførar Knut O. Aarethun. Nemnda hadde hausta hard kritikk for hemmeleghald og udemokratiske metodar i prosessen, der dei korkje fann plass til Aarethun eller ein annan av Ap-ringrevane på fylkesplan - Kjartan Longva frå Høyanger.

Aarethuns sambygding Kristen Olav Grøttebø var den einaste som tok noko som likna på eit oppgjer med nominasjonsnemnda på dette punktet. Men han fekk ikkje møtet med seg på noko forsøk på å relansere Aarethun, som lenge har vore både markant og omstridd som leiarskikkelse i partiet.

Laila Schult, Vågsøy, valde å formulere seg slik:

— Vi vil ha Bremer som toppkandidat, og vil ikkje utdjupe det meir. Vi treng ein leiar på fylkesnivå med sosial intelligens.

Dermed var debatten rundt Aarethun lagt død, og ein epoke i partiet er over.

Møtet skulle vidare komme til å dreie seg om striden mellom fogderia. Eller rettare sagt: Striden mellom den sterke Sogne-bastonen og resten av fylket.

Nokså tidleg var det klart at møtet ville samle seg om dei fem øvste listeplassane slik nominasjonsnemnda hadde foreslått - med fylkesleiar Tor Bremer på topp. Men vidare nedover var det klart for harde tak om plasseringa.

Tvetydig takk

Medan utsendingane frå Sunnfjord og Nordfjord var sterkt misnøgde med Sognedominansen øvst på lista, kjempa representantane frå Høyanger for å skaffe sin Kjartan Longva sjetteplassen.

Særleg delegatane frå Førde argumenterte hardt mot sognedominansen, og påpeikte den påtakelege overrepresentasjonen av sogningar på dei sikre plassane.

Det heile enda med ein hestehandel der Longva vart sikra sjetteplassen, medan Sunnfjord fekk inn si Jorunn Eide Kirketeig på 8. plass. Dette etter at Sogndølene - som var nøye med å understreke kor sjenerøse dei var - hadde ofra sin nominerte på akkurat den plassen.

Noko som igjen resulterte i eit heller tvetydig takkeinnlegg frå Førdes utsende, Erik Torp Nilsen.

Dermed ser ti på topp frå Sogn og Fjordane Ap til fylkestingsvalet slik ut:

1. Tor Bremer, Sogndal

2. Åshild Kjelsnes, Flora

3. Cecilie Thaule Løvlid, Hornindal.

4. Harry Mowatt, Hyllestad

5. Arne Hovland, Årdal

6. Kjartan Longva, Høyanger

7. Tord Dale AUF/Sogndal

8. Jorunn Eide Kirketeig, Førde

9. Gunnvor Sunde, Gloppen

10. Roger Silden, Vågsøy

UTE: Sogn og Fjordane Ap gjorde kort prosess under gårsdagens nominasjonsmøte, og dermed er partiveteranen Knut O. Aarethun ute av lista til fylkesvalet.<p/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH