I hagen til Anne Pettersen Hæreid i Godvik har ein liten brun ein funne seg godt til rette i sitronmelissen. Trass i at Anne ikkje har trudd at sitronmelisse står på brunsnigelen sin meny.

— Mi erfaring er at det nesten er umogleg å seia kva iberiasnigelen et og ikkje. Det verkar som at det varierer veldig frå hage til hage. Roser er omtrent det einaste eg aldri har høyrt at snigelen har prøvd seg på, seier Anne, som sit i styret i hageselskapa på Laksevåg og i Hordaland.

Veks fortare i år

Med regnet dei siste dagane har brunsniglane gjort sitt definitive inntog i vestlandshagane. Sjølv om enkelte opplever snigleinvasjon, er det ifølgje snigleekspert Bjørn Arild Hatteland ikkje snakk om uvanleg store mengder.

— Enkelte plassar er det mykje, medan andre plassar har mindre. Det som derimot ser ut til å vera nytt i sommar, er at dei veks seg fortare store på grunn av den varme våren, seier Hatteland, som tar doktorgrad på brunsnigelen ved Universitetet i Bergen.

Sjølv om den slimete brune enno ikkje har funne vegen til hagen din, er du ikkje trygg.

— Brunsnigelen dukkar stadig opp i nye område, og me trur han vil klara å spreia seg til dei fleste plassar på Vestlandet, seier snigleforskaren.

Rådet frå eksperten er altså å setja inn støytet no, før reproduksjonen byrjar i august.

— Folk som verkeleg vil få bukt med problemet bør gå på snigelplukking om kveldane framover. For er egga først lagt, så er det vanskeleg å bli kvitt dei, seier Hatteland.

Populære brunsniglekurs

Tilbake i Anne sin hage er vår brune venn blitt motvillig fjerna frå urteparadiset. No sit han på eit blad i handa til Anne. Ho rullar saman bladet og lempar han ned skråninga.

— Sånn, no håpar eg du ikkje kjem tilbake på ei stund, seier ho.

Ifølgje Bjørn Arild Hatteland finst det ikkje noko vedundermiddel mot iberiasnigelen.

— Alle middel har berre avgrensa effekt, det er ikkje noko som utmerkjer seg spesielt. Kor vellukka eit middel er, varierer i forhold til miljø og årstid.

Anne på si side pleier å klippa snigelen i to, for så å putta han i jorda.

— For å fanga fleire lar eg den klipte snigelen liggja framme, for han tiltrekkjer seg andre sniglar, seier Anne.

Sjølv om Anne har ein del brune, er det andre i hageselskapet som har det mykje verre. Det er ikkje utan grunn at Hageselskapet Hordaland sine brunsniglekurs er umåteleg populære.

— Det er sjølvsagt veldig trist for dei som opplever at snigelen raserer heile hagen deira. Men det tar ikkje luven av oss, seier ho og gliser breitt.

Jan M. Lillebø
Jan M. Lillebø