Du må kjenna fienden, seier Asbjørn Nagell Toft og ler. Han er miljøvernleiar i Radøy kommune og melde seg til teneste då landbruksdepartementet i vår erklærte full krig mot brunsnigelen.

Tre millionar kroner vart løyvd i ekstra midlar til forsking, førebygging og informasjon om den aukande plaga.

Eit av tiltaka var å etablera eit såkalla snigelpoliti, eit korps av ressurspersonar frå kommunar, mattilsyn og hagelag. Dei skal hjelpa over telefon eller rykkja ut om nokon treng assistanse i krigen.

På snigelkurs

Snigelpolitiet er no operativt og har 27 representantar på Vestlandet. Dei har gått på kurs i sommar for å læra om sniglar, spesielt brunsnigelen.

— Vi sat ein dag på skulebenken ved Stend jordbruksskule og fekk i oppgåve å kartleggja den lokale utbreiinga av brunsniglar. Elles skal vi hjelpa folk med å identifisera sniglar og gje praktiske råd. Men der stoppar det.

— Eg har verken politiskilt eller lisens til å drepa, seier Asbjørn Nagell Toft.

Vi blir med den blide miljøvernleiaren ut i felten ein våt føremiddag for å sjå kva ein snigelpolitimann duger til.

Føre var

Radøy har enno lite brunsnigel, men ville vera føre var og stå godt rusta i tilfelle den iberiske invasjonsstyrken prøver ei framrykking mot dei trakter.

— Det ligg litt i visjonen vår dette. Vi kallar Radøy den grøne øya med trivsel, tryggleik og livskvalitet for alle. Vi ønskjer ikkje ei brun øy som skremmer folk frå å slå seg ned her, seier Toft.

Fienden er ikkje langt vekke. Vi startar ekspedisjonen i Alvermarka i nabokommunen Lindås, der Toft bur.

Der leitar vi ikkje lenge før vi finn brunsniglar. Men å identifisera dei er ikkje utan vidare noko for amatørar.

Vaksne brunsniglar som no førebur seg på å leggja egg i august/september, er sjokoladebrune og lett kjennelege.

Fotografen knipsar eit eksemplar som får seg litt formiddagsmat på ein løvetann, ein av favorittrettane.

— Yngre brunsniglar har nyansar i fargedrakta og kan lett forvekslast med andre sniglar, seier Toft.

Han får seinare på dagen ein e-post med bilete av ein snigel som er sett i Bøvågen på Radøy. Det viser seg etter ein sjekk med hjelpematerialet frå kurset å vera ein gulbrun skogssnigel.

Drap på mistanke

Men kva om folk ikkje bryr seg med å sjekka identiteten og drep på minste mistanke?

— Det er ein fare. Den veldige fokuseringa på brunsnigelen kan skapa eit snigelhysteri. Difor er det også vår oppgåve å opplyse folk om at sniglar har ein viktig funksjon i naturen. Dei bryt ned plante- og dyremateriale og er mat for andre artar, seier Toft.

Dessutan skal ein ha respekt for alle skapningar og «politiinstruksen» oppmodar til og med til litt medkjensle med brunsnigelen.

«Gjør det raskt, vi vet ikke hva de føler», er rådet frå kurset om avliving. Det mest humane er å klippa sniglane i to og tømme kokande vatn over dei.

Snigelgjerde

I ein hage i Alvermarka har brunsnigelen bokstaveleg talt møtt veggen. Her har Øystein Sylta bygd eit enkelt snigelgjerde av hard plast med eit overheng og ein saltbarriere innunder.

— Brunsnigelen skyr salt. Vi har utvikla gjerdet i fleire år og han vågar seg ikkje forbi saltbarrieren, seier Sylta.

Han og ein kompanjong har etablert eit firma som kallar seg Brunsnegl AS. Snigelgjerdet er for sal og blir for tida prøvd ut på ein kyrkjegard i Bergen som er plaga av brunsniglar.

Slim mot salt

Vi trur det ikkje før vi får sjå det og Sylta tek utfordringa. Han strør ei lita klype salt på ryggen til ein brunsnigel.

Den krympar seg i intenst ubehag så det nesten går på medkjensla laus. Men dosen er ikkje større enn at smartingen greier å løysa problemet denne gongen.

Snigelen brukar sitt fremste forsvar. Den skil ut slim på overkroppen, kapslar inn saltet og dreg det av seg. Ei lite tiltalande stripe ligg att på asfalten.

EFFEKTIVT: Øystein Sylta har laga eit snigelgjerde av plast med ein saltbarriere som held brunsniglar effektivt vekke frå bedet heime i Alvermarka.
Amundsen, Paul S.
I SIKTE: Snigelpolitiet på Radøy, miljøvernleiar Asbjørn Nagell Toft, i ferd med å identifisera ein brunsnigel.
Amundsen, Paul S.
DOBBELTGJENGAR: Ein gulbrun skogssnigel som lett kan forvekslast med brunsnigel. FOTO: RAGNAR FLOEN
Amundsen, Paul S.