Lensmannsfullmektig Sigurd Børve i Kvinnherad opplyser at blodprøvane gav positive utslag på alle fem som hadde mannskapsvakt på HSD-ferja «Os» torsdag morgon.

Det tyder at alle fem må ha nytt alkohol natta eller kvelden før rutestart i sambandet Leirvik - Ranavik - Sunde i går. Også maskinsjefen som «berre» fekk gult utslag på alkometeret då Kvinnherad lensmannskontor troppa opp på Sunde ferjekai i 8.30-tida. Alle er sikta i saka.

Ein har forklart seg
Stord lensmannskontor tok blodprøve av maskinsjefen torsdag føremiddag. Han var den einaste av mannskapet som gav forklaring til politiet i går. Dei fire andre nytta seg av retten til å venta inntil blodprøveresultatet ligg føre i slutten av neste veke.

For å unngå innbyrdes vitnepåverknad vil ikkje lensmannsfullmektig Børve i Kvinnherad opplysa om kva maskinsjefen har forklart.

Alarm på land og sjø
Det var både passasjerar om bord og folk på land som gav melding til politi og til HSD om den uvanlege manøvreringa MF «Os» føretok før og etter avgang Sunde ferjekai klokka 6.30 i går.

838 bruttotonnaren MF «Os» er bygt i 1978, har plass til 65 bilar og 260 passasjerar, har propell i begge endar og er ei av tre ferjer som trafikkerer sambandet mellom Sunde og Halsnøy i Kvinnherad og Leirvik på Stord.

«Os» starta ruta på Leirvik klokka 5.30 og gjekk via Ranavik til Sunde. Agnar Melkersen, som vekependlar mellom Husnes og Bergen, var som vanleg tidleg ute på Sunde ferjekai. Han fortel:

- Eg var der alt i sekstida. Ferja pleier å koma ti eller kvart over seks. Men i går var ho sein, ho var ikkje inne før 6.30. Ferjen kom nesten sidelengs inn til kai, eg trudde at ho skulle snu. Men ho klappa til kai, og vi blei vinka om bord.

- I øvre salong samla vi faste pendlarar oss. Idet ferja bakka ut og skulle snu, slo det meg at ho brukte lang tid. Så såg eg eit lys på land som ikkje skulle vera der. Vi var langt opp mot land og kunne så godt som sjå rett ned på altanen til eitt av husa der, fortel Agnar Melkersen.

«Luktar alkohol»
- Ein som sat i bilen sin nede på dekk kom springande opp og fortalte at han hadde sett ein altan rett over baugporten.. Ein hevda at han merka alkohollukt av billettøren. Vi spøkte med at mannskapet kanskje hadde feira Brann-sigeren, seier Melkersen.

- Vi sa til matrosen at vi ville vita kva som skjedde. Han svara at han ikkje visste noko. Etterpå kom han ned og sa at årsaka til den spesielle manøvreringa var at dei hadde måtta ta eit par telefonar på brua. Til Ranavik og Leirvik gjekk turen elles fint, fortel Agnar Melkersen, som synest heile opplevinga var ekkel.

- Eg óg såg at ferja kom merkeleg inn til kai og var utruleg nær husa då vi fòr ut att. Det er steike gale av mannskapet å oppføra seg slik med ansvar for så mange menneske, seier Ørjan Harsvik. Lastebilsjåføren frå Kvinnherad var først i køen til Ranavik på Sunde ferjekai klokka 6.30 i går.

Ferje var om lag halvfull på 6.30-turen frå Sunde. Dei fleste passasjerane sat i salongen under dekk og merka ingen ting til noko uvanleg ved manøvreringa.

Rosar HSD-reaksjon
Andre vitne i øvre salong fortel óg at ferja var heilt oppunder huset på motsett side av ferjekaien og greidde så vidt å koma klar ein kai lenger framme. Dei fatta straks mistanke om at noko var gale på brua, og bad om forklaring.

Då desse vitna ikkje fekk skikkeleg forklaring frå mannskapet, gav dei seinare melding til HSD. Rutelaget reagerte straks og varsla Kvinnherad lensmannskontor.

- Eg må gje ros til HSD for at selskapet straks tok affære og viste 110 prosent profesjonalitet, seier ein av passasjerane, som legg til at det aldri var nokon panikk om bord.

Også frå vegen på Sunde-sida reagerte trafikkantar på at ferja kom så nær opptil land. Folk som var på veg til arbeid stoppa bilane sine for å følgja med på korleis det gjekk med båten. Nokre av dei melde frå til lensmannskontoret.