• Ein nydeleg flott båt, konkluderte direktør Trygve Tønnessen då han i går fekk sjå nyaste båten i BNR-flåten i ferdig versjon.

STEINAR HYSTAD (tekst og foto)

Seint på kvelden onsdag vart skroget på «Snarveien» drege ut frå storhallen hjå Oma Baatbyggeri AS på Leirvik for å få styrehuset påmontert. Om ei veke blir det sjøsetjing, så følgjer testing av motorar og utstyr om bord, og godkjenningsprosedyrar.

Går alt som planlagt vil «Snarveien» vera klar for 12-timarsdag i pendlarruta Kleppestø/Askøy — Nøstet/Bergen første veka i juli. Med 18 knops fart vil overfarten ta litt under 10 minutt, og dermed ber nyvinninga namnet sitt med full rett. Sidan det tek monaleg lenger tid med eigen bil eller buss over brua til Askøy, blir båten snarvegen.

— Sjølv om me har valt å halda på dei tradisjonsrike BNR-fargane med blått og kvitt utvendes, er «Snarveien» i praksis eit «grønt» farty. Me har tenkt miljø. Ei av årsakene til at me valte å byggja på Stord ligg i det unike skroget Oma Baatbyggeri har patentert. Utforminga gjer at fartyet kan halda høg fart med lita motorkraft og dermed redusert driftstoff-forbruk. 3000 hestar står om bord i «Kyst Express» som no går i ruta. Det trenst berre halvparten så mange hestekrefter for å halda same farten med nybåten, opplyser Tønnesen.

Direktøren seier seg godt nøgd med passasjertalet på ruta Askøy-Bergen, som BNR har drive sidan 1. april i år.

30 MILL: Dagleg leiar Gustav Om ved Oma Baatbyggri og adm. direktør Trygve Tønnesen - framfor splitter nye «Snarveien» - som får ein prislapp rundt 30 millionar og kjem i rute om ein månads tid.