Ved årsskiftet stod 7700 pasientar i helsekø for øyre-nase-hals— og augebehandling i Helse Vest RHF. Augepasientane må i snitt vente i 108 dagar, mens øyre-nase-hals-pasientar må vente i ytterlegare førti dagar, før dei kjem til hos offentleg spesialist.

For å redusere den lange ventetida innfører Helse Vest RHF, som det første helseføretaket i landet, direkte henvising til fleire private spesialistar og sjukehus, først og fremst for desse to pasientgruppene.

Først ut i vest

Dette inneber at fastlegen din heretter kan henvise deg direkte til privat spesialist. Tidlegare måtte du først innom eit offentleg sjukehus, før du kunne be om å bli vist vidare.

Helseføretaket har inngått avtalar med fjorten private spesialister i Bergen, Stord og Haugesund og fire private sjukehus i Oslo. Spesialistane tilhøyrer faggruppene øyre-nase-hals, auger og gynekologi, mens sjukehusa tilbyr eit større spekter av diagnoser.

— Dette gjer vi for å korte ned ventetida, der køane er lengst, seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal til BT.

Kvalitetssikring

— Får pasientane eit like godt tilbod hos private som på offentlege sjukehus?

— Ja. Dei private aktørane som vi har har inngått avtale med, er kvalitetssikra, og definitivt på høgde med tilbodet i det offentlege helsestellet, seier Sandal.

— Blir det dyrare for pasientane å nytte seg av private spesialistar og sjukehus?

— Nei. Det einaste er at pasientane må betale eigenandel på max 200 kroner kvar veg for reisa til behandlingsstaden.

Lista over private spesialistar og sjukehus som Helse Vest har inngått avtale med, finn du på www.helse-vest.no