Det er forskingsinstitusjonen SINTEF som skriv dette i ein rapport laga på oppdrag frå Hordaland Olje & Gass og Hordaland fylkeskommune.

SINTEF sin konklusjon kjem omtrent samtidig med at Askøy kommune har vedteke å oppretta eit vegselskap, Sambandet Vest, for å løysa aktuelle samferdslesaker.

Eitt av vegsambanda som no kjem meir og meir i fokus er Tverrsambandet, som vil binda saman Øygarden, Askøy og Nordhordland. Tverrsambandet er sjølve aksen mellom Kollsnes og Mongstad.

Regionvegsjef Olav Ellevseth vil med det fyrste gripa tak i dette.

— Eg skal ha eit møte med Askøy kommune for å drøfta korleis vi kan arbeida vidare med dette. Vi vil finna ut kva vi kan gjera for å støtta det lokale initiativet, seier Ellevseth til BT.

Nye verksemder

I rapporten er SINTEF, ved direktør Sigmund Kvernes, oppteken av at det må utviklast ny næringsverksemd i regionen. Utgangspunktet for dette er petrokjemisk verksemd både på Mongstad og Kollsnes. Mongstad får i tillegg testsenteret for CO2-reinsing.

Men for å koma vidare må det arbeidast med infrastrukturen. SINTEF tilrår å arbeida aktivt med utvikling av knutepunkt, tettstader, god tilgang til skular og utdanning, og god infrastruktur. Særleg i form av samferdsle. Dersom det vert lagt til rette, kan regionen tiltrekkja seg petrokjemiske og andre verksemder; også frå utlandet, meiner SINTEF-direktør Kvernes.

Columbi egg

Dagleg leiar i Hordaland Olje & Gass, Sjur Storaas, sluttar seg til dette:

— Eit godt vegsamband på denne aksen kan gjera det lettare å få folk å busetja seg i regionen. Det vert lettare for begge ektefellene å skaffa seg arbeid. Då unngår vi lang pendling. Eg trur eit godt vegsamband er det som skal til for å få ting til blomstra, seier Storaas.

Han kallar Tverrsambandet eit «columbi egg» for industriregionen Nordhordland.

By ved Mongstad

Fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg har tidlegare tatt til orde for å utvikla ein «by» i Nordhordland, nær Mongstad. Selsvold Nyborg ser også fordelane med ein vegakse Mongstad-Kollsnes.

  • Vi vil drøfta korleis vi skal ta eit initiativ omkring Tverrsambandet. I næraste framtid skal eg ha eit møte med Askøy-ordførar Knut Hanselmann om dette, seier fylkesordføraren.

Både Torild Selsvold Nyborg og Sjur Storaas ser for seg at store industriselskap med interesser i Nordhordland kan bidra til finansiering av Tverrsambandet. Giganten i denne samanheng er StatoilHydro. Dei to nemner og Framo, som er stor i Nordhordland og som også satsar på Askøy.

Informasjonsleiar Kåre Ness ved StatoilHydro på Mongstad seier til BT at selskapet ser store fordelar ved eit kortare vegsamband til Kollsnes enn det som finst i dag, via Bergen og Sotrabrua.

GIDSKE STARK