• Jadå, det vert stor markering på Osøyro når vi vert kvitt gjennomgangstrafikken til og frå Halhjem. Det er klårt at det må feirast, seier Terje Søviknes.

JOHN LINDEBOTTEN

Den «store» vegopninga i Hordaland i 2005 vil finna stad i Os, og nærare bestemt truleg ved Mobergsbrua over Ulvenvatnet. Anlegget i Os er eit av 10-12 større og mindre anlegg som vert starta, er i drift eller vert avslutta på riksvegane i Hordaland i 2005.

3,2 kilometer ny veg frå Svegatjørn til Moberg gjer vegen til Halhjem både tryggare og kortare for dei reisande på E 39 Kyststamvegen.

Men det er kanskje ikkje alle som vil feira opninga av denne vegen. I åra fram til Stortinget vedtok veganlegget, raste ein strid mellom naturvernarar og vegstyresmaktene. Frå naturvernhald var det hevda at bru og biltrafikk over Ulvenvatnet ville verka øydeleggjande for det rike fuglelivet i og rundt vatnet.

Ingen er borte

— Korleis ser dette ut no?

— Det ser bra ut, seier fugleforskar Arnold Håland, som er dagleg leiar i Norsk naturinformasjon. Ingen av fugleartane som var i Ulvenvatnet før anlegget starta, har vorte borte. Vi har mist nokre artar, som til dømes låvesvala, men det var ein del år før anlegget tok til.

Håland sette opp ein statusrapport for fuglar, plantar og insekt i Ulvenvatnet før anleggsarbeida tok til i 2003. Han har og halde auga med utviklinga i anleggsfasen, som gjev grunnlag for å hevda at fuglelivet ikkje har endra seg vesentleg.

— Slik sett er eg optimistisk med tanke på etterarbeidet som skal gjerast når trafikken er komen i gang på den nye vegen. Men då vert det eit anna støybilete.

Nøgd med vegvesenet

Håland er nøgd med korleis vegvesenet har fare fram under bygginga. Særleg er han glad for at bygginga av brua ikkje førde til større inngrep i Ulvenvatnet. Arbeidet med brupålane gjekk føre seg utanom hekkesesongen.

Samstundes vert Osøyro ein fredelegare og tryggare plass å opphalda seg.

Men det er pr. dags dato uvisst når snora skal klyppast. Det er berre brua som er heilt ferdig. Det er ein god del arbeid att både på resten av vegen i dagen og i Liafjellstunnelen. For ikkje å snakka om tilknytinga til vegnettet i båe endar.

— Eg trur ikkje det vert opning på denne sida av sommarferien, seier Søviknes.

Nære på

Os-ordføraren har likevel grunn til å vera nøgd med det han ser. For fem-seks år sidan var han redd for at dette veganlegget ville gleppa. Då var fylkestinget på glid mot å vedta ferjefri stamveg Stord-Bergen via Tysnes-Fusa og Samnanger. Men kløktig manøvrering, ikkje minst innanfor eige parti, Frp, gav fleirtal for at Kyststamvegen også i framtida skulle gå over Halhjem med ferje til Stord.

— No satsar vi på at den nye vegen vidare mot Bergen kan byggjast frå 2008, seier Terje Søviknes.

Bind saman kommunen

To andre storprosjekt i Hordaland vil verka til å samla kommunen til eitt rike. Det er Austevollsambandet og Halsnøysambandet. På Stord vil arbeida på E 39 gje fullgod riksvegstandard på så godt som heile strekninga fram til Sandvikvåg.

— Det står berre på 500 meter, seier Per Steffen Myhren i Statens vegvesen til BT.

På vestsida av Sørfjorden vil ny veg forbi Aga fullføra arbeidet med å gje riksvegstandard mellom Utne og Odda.

Arbeida som tek til i Romarheimsdalen vil fjerna ein trong flaskehals på Kyststamvegen mellom Bergen og Sogn.