Det ser ut til at han skal kome frå uhellet i Fatlaberget i Sogn utan varige mein.

Denis Thaddeus og fleire kollegaer jobba med å reinske fjellsida da den store steinen losna. Denis fekk steinen i ryggen.

— Det var berre ein uskuldig stein. Slikt går ikkje an å gardere seg mot. Det er ingen å skulde på, seier Thaddeus frå sjukesenga på Førde sentralsjukehus.

— Eg har ein lang opptreningsperiode framfor meg, men legane seier utsiktene er gode til at eg skal bli heilt fin.

- Der kjem han

Det var torsdag for ei veke sidan det skjedde i Fatlaberget, den svært rasutsette riksvegstrekninga mellom Sogndal og Leikanger. Saman med arbeidskameratane i fjellsikringsfirmaet Inter Handling, jobba Denis med å reinske fjellsida etter rasa og steinspranga som har gått i Fatlaberget.

Dei har sikra seg på alle moglege måtar. Dei har klatretau og alt av verneutstyr. Planen er klar for korleis dei skal evakuere - om det skulle skje noko uføresett.

Men det dei ikkje kan sikre seg mot, er det som skjer andre stader i den steile fjellsida. Og denne dagen skjer det noko utanom deira område, utanom deira kontroll. Nesten 200 meter over Sognefjorden, høgt over staden der Thaddeus driv sikringsarbeid, losnar ein stein.

— Eg hugsar ein av kollegaene mine ropte: «Der kjem han». Eg rakk så vidt å snu meg, så fekk eg steinen i ryggen.

Ved hjelp av ei krane og ei korg blei Denis Thaddeus løfta ned frå fjellsida og send i ambulansehelikopter til Førde sentralsjukehus. Der kunne dei konstatere fleire knekte ryggvirvlar og muskelfeste som var slitna. Legane frykta indre skader, men det ser ut til at han har sleppt unna.

Ikkje farleg

Ei veke etter har preikestolen kome på plass ved sengekanten. Denis Thaddeus er så smått i ferd med å kome på beina att.

— Eg har fått fantastisk god behandling heile tida. Eg ser på perioden her på sjukehuset som ein sjanse til å oppleve menneske på sitt beste, seier han, og vil ikkje vere med på at han har ein jobb som er farleg.

— Nei, eg køyrde drosje i Bergen i ein periode. Det var langt farlegare. Eg jobbar saman med folk som har lang erfaring. Ulukker kan skje alle stader.

Dagleg leiar i Inter Handling, Per Fredrik Johansen, seier dette er første gongen dei har hatt personskade. Dei sju tilsette i selskapet har jobba med fjellsikring i årevis.

— Det er veldig leit det som skjedde, seier Johansen som hadde første oppdraget i Fatlaberget for mange år sidan. Den gongen var jobben å montere eit fangnett for stein.

— Fjellet i Fatlaberget er svært dårleg. Men slik er det fleire stader i landet.

Frisk til hausten

Denis Thaddeus er ein av godt tjuetals godkjende fjellreinskingsarbeidarar i landet. I Inter Handling er dei seks, Mesta har eit dusin og så er det nokre andre spreidd rundt på ulike selskap.

— Vi kallar oss ofte for «Fjells Angels». Eg syns det er eit bra namn. Eg driv på med dette fordi eg opplever at det er ein verkeleg jobb. Det er noko handfast, seier Denis Thaddeus, som er oppvaksen i Sussex i England, men har budd siste 20 åra i Bergen. No har han som mål å vere frisk til hausten.

— Eg må jo det, for då startar sesongen for oss som reinskar fjell.

MATLYST: Sjukehusmiddag for Denis Thaddeus. Matlysten og humøret er tilbake ei veke etter at han i hui og hast blei frakta med ambulansehelikopter til Førde sentralsjukehus.

MATLYST: Sjukehusmiddag for Denis Thaddeus. Matlysten og humøret er tilbake ei veke etter at han i hui og hast blei frakta med ambulansehelikopter til Førde sentralsjukehus.