–Vi arbeider med å finna fram til eit særskilt kort for dei som faktisk pendlar med bussen over Nordhordlandsbrua, seier samferdslesjef Magnus Vestrheim i Hordaland fylkeskommune til Bergens Tidende.

Vestrheim, fylkesrådmannen og takstekspertar frå Gaia Trafikk og HSD Buss sat saman i går for å løysa eit problem dei ikke hadde tenkt på før BT og BA gjorde dei merksame på det.

Fylkesutvalet vedtok samrøystes torsdag å innføra ei prøveordning med 40 prosent prisavslag for periodekort på bussen mellom Knarvik og Bergen. Tanken bak er at dette skal dempa den venta trafikkveksten over Nordhordlandsbrua når bompengane fell bort nyttårsaftan. Rabatten er ei prøveordning fram til 1. juni 2006. Vert resultatet godt, ved at monaleg fleire tar bussen, vil fylkeskommunen vurdera å innføra same ordning på Askøybrua når ho og vert gratis ut på hausten 2006. Askøy kommune har alt meldt inn stor interesse for dette. Det same har Fjell kommune for trafikken over Sotrabrua.

Namn og adresse? Det er berre det at med prøveordninga vert periodekortet på strekninga Knarvik-Bergen godt over hundrelappen billegare enn for kortet for strekninga frå Bergen og utover i Åsane. Dermed kunne folk i Åsane kjøpa kort for Bergen-Knarvik, og dermed spara ein god slump pengar.

Det gjorde ikke saka enklare at inntektstapet ville falla på Gaia Trafikk, som Bergen kommune har ansvaret for.

– Enno veit vi ikke nøyaktig korleis vi skal løysa dette, men vi er trygge på at vi finn fram til ei ordning som gjer at vi kan setja vedtaket om 40 prosent prisnedslag på periodekort over Nordhordlandsbrua ut i livet, seier Vestrheim.

– Kanskje kan de be alle som kjøper kort om å identifisera seg med namn og bustadadresse?

– Det er nærliggjande men vi kan ikke seia enno om det vert løysinga.

Arbeidarpartiet har svaret

Den mest effektive løysinga på heile problemet, kunne kanskje vera å gjennomføra Arbeidarpartiet i Bergen sin programpost om ein takst for heile Bergen kommune frå skulestart i august 2006.

– Vi ynskjer å leggja oss på dagens nivå, altså 23 kroner, og vi vil løyva 10 millionar kroner for å få dette til, seier Ap sin gruppeleiar i Bergen bystyre, Terje Ohnstad, til BT.

– 10 millionar kroner er i minste laget. Utrekningar viser at ei takstsone med minstetakst vil kosta mellom 30 og 50 millionar kroner, seier byråd for miljø og byutvikling, Lisbeth Iversen.

Nett i desse dagar pågår det budsjettingingar mellom Arbeidarpartiet og byrådspartia H, V og KrF.

– Vil Ap stå sterkt på dette kravet om ein takst?

– Vi vil ha det i mente, seier Terje Ohnstad, som opplyser at neste tingingsmøte om bybudsjettet er sundag kveld.

Takstfrys og færre soner Det einaste som truleg ligg heilt fast så langt når det gjeld bussprisane i Bergen, er at dei ikke vil stiga i 2006. Premiepengane frå Samferdselsdepartementet syter for det. Minstetaksten vil då halda fram på 23 kroner, som han har vore sidan 2003.

Bergen kommune har i tillegg planar om å arbeida seg stegvis fram mot ei einaste takstsone i Bergen. Ei ekstraløyving på 15 millionar kroner vart lova av dåverande statsråd Lars Sponheim før valet i haust.

– Desse pengane finst som uspesifiserte midlar i overføringane til vegføremål i Bergen. Det har eg fått stadfest frå Vegdirektoratet. Så vi reknar med at vi i 2006 kan koma oss ned frå 10 til 5 takstsoner i Bergen. Så får vi gjera eit krafttak og sjå om vi kan ta neste steg i 2007, seier Lisbeth Iversen.