– Den store utfordringa er det kompliserte takstsystemet, då Autopass-brikka ikkje inneheld den informasjonen me treng med omsyn til lengd på køyre-tøyet og talet på passasjerar, seier Per Einar Pedersli, som har vore prosjektleiar for Statens vegvesen. Statens vegvesen har dei siste åra hatt eit prøveprosjekt på strekka Flakk — Rørvik, utanfor Trondheim, dei har i desse dagar levert ein rapport frå dette prøveprosjektet til Samferdsledepartementet.

– Når det gjeld det med passasjerar lar ikkje det seg løysa med ei brikka. Dei må anten få reisa gratis eller betala på ein automat om bord, meiner han. Eit tredje alternativ er at ein monterer ein brikkelesar på billettmaskina.

Store summar å spara

Debatt: Ser du fram til å bruka Autopass på ferja?

– Då kan ein velja om ein vil betala med kort, brikke eller pengar, dette er ei løysing me skal sjå nærare på frametter, seier Pedersli. Han fortel at dei kjem med nokre tilrådingar i rapporten sin.

– Det går på at Autopass eignar seg i samband med stor trafikk og stor brikkeandel, om det blir gjort litt forenklingar i takstregulativet, seier han. Noko anna som vil vera med på å forenkla det heile, er at EU er i ferd med å innføra tvungen bruk av brikker for tungtransporten, som inneheld informasjon om lengd og vekt på køyretøyet. No håpar Pedersli at ein kan koma i gang med Autopass alt til neste år.

– Det er eit håp eg har, ja, seier han til Sunnhordland.

– Det er det som må vera målet vårt om me får gjort dei endringane me ser for oss, men det er til sist opp til politikarane, seier han. Det er store pengar å spara for dei ulike transportselskapa.

– I forhold til landbillettering er det store summar å spara, og ei stor forbetring for dei reisande. På dei små sambanda er det ikkje så mykje å spara, men det gjer det heile mykje enklare for kundane, seier han.

Vêr og fart kan skapa problem

No har Vegvesenet søkt om å få ei ordning som gjer at dei som vil reisa anonymt kan det.

– Eg ser ingen prinsipiell forskjell på veg og ferja i den samanheng. Faktisk er det mykje enklare på ei ferje, meiner han.

Erfaringane frå Flakk - Rørvik peikar på lengdemåling av bilar i fart som eit stort problem, og at det er hovudsakleg stor fart og vêret som skapar problem. Likevel har det ikkje skapt problem for meir enn ein av kvar 4.000 passeringar i snitt. Og enkle tiltak for å hindra dette er å redusera farten, går det fram av rapporten til Vegvesenet.

Les meir her:

Rabatt uansett

Utvida AutoPass – ordning

Legg heilautomatisert innkrevjing på is

Skeptiske til meir bompengar